Pakkeforløpa som no er lanserte er tre generelle pakkeforløp som vil gjelde for ein stor del av pasientane innanfor psykisk helse og rus. Det er pakkeforløp for:
- Utgreiing og behandling barn og unge
- Utgreiing og behandling vaksne
- Tverrfagleg spesialisert behandling (TSB)
Fleire pakkeforløp kjem
Det er så langt utvikla sju pakkeforløp for psykisk helse og rus. Dei tre neste pakkeforløpa blir lanserte i desember og er tre tilstandsspesifikke forløp for psykose, tvangslidingar og spiseforstyrringar. Pakkeforløp for gravide som bruker/har brukt alkohol, vanedannande legemiddel og/eller illegale rusmiddel kjem noko seinare.
Måla med pakkeforløp for psykisk helse og rus er:
- Auka brukarmedverknad og brukartilfredsheit
- Samanhengande og koordinerte pasientforløp
- Unngå fagleg ubegrunna ventetid for utgreiing, behandling og oppfølging
- Likeverdig tilbod til pasientar og pårørande uavhengig av kor i landet dei bur
- Betre varetaking av somatisk helse og gode levevanar
Regionale lanseringskonferansar
For å få til ei god innføring av pakkeforløpa i regionane, arrangerer dei regionale helseføretaka lanseringskonferansar om innføring av pakkeforløp, saman med sentrale aktørar frå den kommunale helse- og omsorgstenesta, spesialisthelsetenesta og brukarorganisasjonane.
Lanseringskonferansar i Helse Vest:
- Bergen: 15. oktober
- Stavanger: 16. oktober
- Førde: 23. oktober
Meir om pakkeforløp for psykisk helse og rus