Robot-Robbie har spart 12 000 arbeidstimar

"Robbie Vest" har fått fire søsken, og saman har dei fem robotane spart dei tilsette i Helse Vest for nesten 12 000 arbeidstimar i 2018. Det er med på å auke kvaliteten og frigjere varme hender til pasientbehandlinga. 

Celie Løvslett fortel at suksessen til Robbie Vest har ført til ei stor etterspurnad ute i føretaka.

I november 2017 blei roboten «Robbie Vest» offisielt lansert. Litt over eit år seinare har talet på robotar auka til fem. Å kalle robottenesta ei suksesshistorie vil ikkje vere ei overdriving. Ved roret sit teamleiar, Celie Løvslett, saman med tre andre tilsette som arbeider hundre prosent med robotisering.

– Helse Vest har kome desidert lengst på dette feltet i helsesektoren, og sannsynlegvis også innan det offentlege som heilskap. Det skal vi vere stolte av alle saman, fortel Celie.

Registrerer fødselsvekta på babyar

Robotane er IT-program som kan automatisere oppgåver og prosessar som tidlegare har blitt gjort manuelt. Til dømes kan ein robot registrere fødselsvekta hos babyar i journalsystem, noko som kan spare helsesekretærar for mykje arbeid. Arbeidet har så langt i 2018 spart inn nesten 12 000 arbeidstimar. 

– Vi hadde estimert med ca. 11 000 timar i 2018, men med dei prosessane vi har no, hamnar vi vel på nærmare 12 000. I tillegg kan det jo nemnast at Robbie sidan 12. november har spart ortopedisk avdeling for 21 000 kronar i reine portoutgiftar, strålar Celie.

Medarbeidar held handa til pasient som sit. Foto.

Med "Robbie Vest" som kollega, får ein meir tid til pasientane. Illustrasjonsbilde: Studio Alsvik.

Men Robbie Vest er ikkje aleine lenger. Han har no fått heile fire søsken som til saman handterer tjue ulike prosessar. Og veksten stoppar ikkje der. Celie og gjengen hennar har store planar for 2019.

– Vi forventar vi å ha klar tre prosessar til i løpet av januar. Vi har vidare estimert eit behov for ytterlegare tre lisensar for 2019, som vil gje oss totalt ni robotar. Så vi ventar med andre ord ei kraftig familieauking, smiler ho lurt.

Celie seier det er ei takksam oppgåve å få levere denne tenesta til føretaka.

– Dei vi leverer tenester til er alltid like positive og glade for å få moglegheita til å få Robbie som kollega. Vi er eit lite team med flinke og engasjerte tilsette som jobbar så enkelt og pragmatisk som mogleg, noko som gjev oss moglegheita til å følgje opp alle dei gode kandidatane som kjem inn på ein god og effektiv måte.

Stor etterspørsel

Helse Vest var første helseregion i Noreg til å begynne med å automatisere prosessar. Suksessen til Robbie Vest har ikkje berre ført til fleire robotar, men óg ei stor etterspurnad ute i føretaka.

– Etterspurnaden er veldig stor, så fram til no har vi måtte gå litt stille i dørene. Dette har vi gjort bevisst for å få tid til å byggje opp ein solid plattform og gode rutinar som gjer at vi no er klar til å handtere eit større volum, fortel Celie.

Teamleiaren trur den auka etterspurnaden skuldast at dei tilsette i føretaka ser moglegheitene i verktøyet og at ein kan oppnå resultat raskt og trygt.

– Vi ser at jo meir vi kan relatere prosessane til det arbeidet som gjerast av dei vi pratar med, jo lettare er det å sjå for seg moglegheitene som ligg i verktøyet.  Det hadde nok ikkje vore like enkelt å få overlegar gira over ein prosess som nullstiller prosjektregnskap som det er med ein prosess som grip direkte inn i deira arbeidskvardag, fortel Celie.

Lys framtid

Sjølv om oppgåver vil kome og gå for robotane i Helse Vest framover trur Celie teamet deira vil ha nok jobb i lang tid framover.

– Oppgraderinga av det elektroniske pasientjournalsystemet vil til dømes føre til at vi kan stoppe enkelte prosessar. I tillegg vil ein del meir permanente integrasjonar gjere Robbie Vest overflødig. Men samstundes trur eg at det i lang tid framover vil vere arbeid som ikkje er integrert og som framleis må gjerast manuelt. Anten fordi ein integrasjon er for kostbar eller for kompleks. Då kan Robbie Vest vere eit alternativ.

Celie seier tenesta er rusta for byggje vidare i åra som kjem.

– Vi har gjort dette på ein måte som har gitt oss tid til å byggje opp kompetanse, rutinar og prosessar som gjer oss i stand til å handtere fleire prosessar, men også forvalting av dei eksisterande prosessane, som vi ser blir stadig meir krevjande.