Samarbeidsavtale prehospitale tenester

I dag signerte dei fire regionale helseføretaka ein samarbeidsavtale med Norges Røde Kors og Norsk Folkehjelp for å leggje til rette for innsats i prehospital helseberedskap. Avtalen er ei oppmoding til alle helseføretak om å inngå eigne samarbeidsavtalar med lokale frivillige lag.

To kvinner, tre menn, ser på kamera. Foto.
Adm.dir. i Helse Vest Herlof Nilssen, generalsekretær i Norsk Folkehjelp, Henriette Killi Westhrin, generalsekretær i Norges Røde Kors Bernt G. Apeland, adm.dir. i Helse Sør-Øst, Cathrine Lofthus og adm.dir. i Helse Midt-Norge, Stig A. Slørdahl.

Lokale avtalar

Samarbeidsavtalen skal danne grunnlaget for inngåing av eventuelle lokale avtalar mellom helseføretak og Røde Kors (RK) / Norsk Folkehjelp (NF) sine distrikts- og lokalorganisasjonar.

– Dei frivillige organisasjonane speler ei viktig rolle i førstelinje ved akuttberedskap, og det er viktig og bra for befolkninga og spesialisthelsetenesta at vi no har denne samarbeidsavtalen på plass, seier Stig A. Slørdahl, administrerande direktør i Helse Midt-Norge RHF.

Samarbeidsområde

Følgjande oppdrag / samarbeidsområde er inkludert i arbeidet med samarbeidsavtalen:

  • Beredskapsambulanse (behov for ekstra ambulanseressursar)
  • Akutthjelp (førstehjelp)
  • Samarbeid med spesialisthelsetenesta når organisasjonane har:
    • Sanitetsvakt på arrangement
    • Tilstadevakt på eigne etablerte vaktstader utan at oppdrag eller oppdragsgivar er bestemt på førehand
  • Bistand ved katastrofar og større ulykker
  • Oppdrag utanfor veg

Følgjer lokalt regelverk

«Akuttutvalget» NOU 2015:17, «Først og fremst» anbefaler å bruke dei frivillige organisasjonane aktivt i prehospital helseberedskap.

Dersom dei enkelte helseføretaka vel å inngå lokale avtalar, skal desse regulere rutinar og føresetnadar for samarbeid basert på samarbeidsavtalen, og til ei kvar tid det gjeldande regelverket på området.