Stort engasjement for ForBedring

Rekordmange medarbeidarar i Helse Vest har delteke i årets medarbeidarundersøking ForBedring. Resultatet av undersøkinga viser at det er høg trivsel på jobb og at medarbeidarane opplever pasienttryggleiken som god.


pleiere og seng
 

Alle helseføretak og private ideelle institusjonar med driftsavtale med Helse Vest har gjennomført medarbeidarundersøkinga ForBedring. Meir enn 80 prosent av medarbeidarane har svara på undersøkinga. Det er den beste deltakinga vi nokon gong har hatt.

– Målet med medarbeidarundersøkinga er å understøtte eit kontinuerleg forbetringsarbeid av  arbeidsmiljøet og pasienttryggleiken i sjukehusa. Det gode engasjementet har ført til ein framifrå svarprosent som gir eit godt kunnskapsgrunnlag for vidare forbetringsarbeid og eg vil derfor rette ei stor takk til alle som har delteke, seier Hilde Christiansen, direktør medarbeidar-, organisasjons- og teknologi i Helse Vest RHF.

Arbeidsmiljø, pasienttryggleik og HMS

ForBedring er ei «samansmelting» av tidlegare HMS-, pasienttryggleiks- og medarbeidarundersøkingar.

– Vi veit at arbeidsmiljø, pasienttryggleik og HMS heng saman og påverkar kvarandre. Den nye undersøkinga hjelper oss til å sjå desse tre områda  i ein samanheng, seier Christiansen.

Spørsmåla i undersøkinga er delt inn i tema engasjement, samarbeidsklima, arbeidsforhold, tryggleiksklima, leiaråtferd, fysisk miljø og oppfølging. For kvart område har medarbeidarane vurdert fleire påstandar. Svaralternativa går frå «Heilt einig» til Heilt ueinig». Resultata er presenterte som ein skala der 0 er dårlegast og 100 er best.

Her er resultatet av årets medarbeidarundersøking i føretaksgruppa i Helse Vest:

Engasjement                                                                    82

Teamarbeidsklima                                                          84

Arbeidsforhold                                                                51

Tryggleiksklima                                                               81

Psykososialt arbeidsmiljø                                             82

Opplevd leiaråtferd                                                       83

Toppleiar si rolle i pasienttryggleiksarbeidet            71

Fysisk miljø                                                                      73

Oppfølging                                                                       74

Undersøkinga er laga for å få kunnskap om kva forbetringsområde vi må jobbe med lokalt for å bidra til at sjukehusa utviklar seg i rett retning, til det beste for både pasientar og medarbeidarar. No arbeidar alle sjukehus og institusjonar med å følgje opp medarbeidarundersøkinga.

– Alle einingar ved alle sjukehus vil utarbeide eigne handlingsplanar med tiltak innanfor både bevarings- og forbetringsområder. Det er viktig at medarbeidarane opplever at det nyttar å engasjere seg og seie si meining, seier Christiansen.

Trivest på jobb

Temaet «Engasjement» måler om arbeidsoppgåvene engasjerer, om medarbeidarane opplever at dei får utvikle seg, om dei synest dei får tilstrekkeleg opplæring, og om dei får konstruktive tilbakemeldingar på den jobben dei gjer. Ein av påstandane medarbeidarane skal ta stilling til er: «Alt i alt er eg godt nøyd med å jobbe her». Påstanden oppnådde ein skår på 87. Resultatet av undersøkinga viser òg at medarbeidarane synest dei ulike yrkesgruppene samarbeider godt og at dei får støtte og hjelp frå kollegaer når dei treng det.

– Det at medarbeidarane er nøgde, er bra for dei sjølve, for kollegaene og for pasientane. Men sjølv om resultata er gode, er det ingen grunn til at vi ikkje skal jobba med kontinuerleg forbetring av  arbeidsmiljøet og pasienttryggleiken. Det å ha tiltak som bidrar til å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø, er like viktig som å ta tak i ting når vi ser utfordringar, seier Christiansen.

Under samleoverskrifta «Tryggleiksklima» skal medarbeidarane blant anna vurdere om dei opplever at dei kan seie ifrå om kritikkverdige forhold. Temaet fekk ein samla skår på 81. Medarbeidarane ga påstanden «Eg ville føle meg trygg dersom eg var pasient her» ein skår på 85.  Påstanden «Vi diskuterer opent dei feil og hendingar som oppstår, for å lære av dei», fekk ein skår på 80.

I temaet «Arbeidsforhold» fekk medarbeidarane spørsmål om arbeidsbelasting og ressursar. Resultatet viser at dette temaet får lågare skår enn dei andre. «Arbeidsbelastinga min er for stor (for mange oppgåver), for høgt arbeidstempo eller krav om å gjere fleire ting samtidig», oppnådde ein skår på 46.

– Å arbeide ein stad med høg akuttaktivitet er utfordrande, engasjerande og interessant, men har også nokre mindre positive sider i form av arbeidspress. Der resultata viser utfordringar knytte til dette, er det forventa at helseføretaka lagar handlingsplanar med konkrete forbetringstiltak. Dette gjeld også andre område i undersøkinga, seier Christiansen.

Grafikk som viser resultata frå undersøkinga.