Tildeling av Helse Vests forskingsmidlar 2019

Samarbeidsorganet har 28. november 2018 tildelt midlar til 59 av dei totalt 276 søknadane som var sende inn innan fristen 15. september. I tillegg til dei nye prosjekta, har 148 stipendiatar og prosjekt fått vidareført si finansiering. Vel 159 millionar kroner går til å finansiere dei nye og vidareførte prosjekta.

Pleier tar blodprøve. Foto.
 

Samarbeidsorganet sine retningslinjer og rammer for søknadsprosessen er førande for arbeidet som er gjort av dei eksterne vurderingskomiteane denne hausten, og dei har blitt godt ivaretekne gjennom evalueringsprosessen, leia av professor Kåre Birkeland, som har fleire års erfaring frå vurderingsarbeid i Helse Vest.

Søknadene er vurderte ut frå dei to likeverdige vurderingskriteria vitskapleg kvalitet og (klinisk) nytte. For meir informasjon om vurderingskriteria, sjå formål og kriterium - for Helse Vests forskingsmidlar.

– Vurdering av kvalitet og nytte er utgangspunkt for vurdering av søknadane, men i den endelege prioriteringa mellom gode prosjekt, er også regionalt samarbeid, fordeling mellom fagfelt og mellom forskingsmiljøa tillagt vekt, seier Birkeland. Dette er forankra i retningslinjene for søknadsvurdering.

– Det er gjennomgåande høg kvalitet på søknadene, som viser at det er mykje og god forsking ved sjukehusa i regionen. Fleire av miljøa er i nasjonal og internasjonal toppklasse. Søknadane ligg i forskingsfronten på fleire viktige felt, og vi har merka i denne vurderingsrunden eit aukande tal på prosjekt som vil ta i bruk ny teknologi og digitale verktøy som maskinlæring og kunstig intelligens.

Birkeland peikar på at mange prosjekt er karakterisert av forskningssamarbeid mellom klinikk og forskingslaboratorium, men i nokre av desse prosjekta er den basale delen så dominerande og vegen fram til klinikk så lang at prosjekta ikkje kunne støttast, sjølv om søknadane var svært gode. – Slike prosjekt må kunne støttast av andre forskingsfinansierar, til dømes Noregs forskingsråd, seier Birkeland. 

– Det var spesielt mange gode prosjekt i kategorien «Open prosjektstøtte», og her har konkurransen vore hard. Det er gledeleg at vi i år kan anbefale tildeling av eit karrierestipend. Vi meiner at kandidaten er vel kvalifisert til stipendet og trur at tildelinga vil være til inspirasjon også for framtidige søkjarar, avsluttar Birkeland.

Les meir om tildelinga (PDF) Tildeling 2019 og søknadar på venteliste (PDF) Vidareførte stipend og prosjekt (PDF)

Tildelingsbrev blir sende ut så fort som råd. Tilbakemelding til alle søkjarane vil bli sendt ut i løpet av 3 veker etter at tildelinga er vedteke av samarbeidsorganet.