Tildeling av Helse Vests innovasjonsmidlar for 2019

Helse vest har tildelt innovasjonsmidlar for 2019. Det er delt ut 9,25 millionar kroner og her er prosjekta som har fått midlar.

Jente med solsikke. Foto.
 

Av 46 søknadar om innovasjonsmidlar, er 30 søknadar blitt vurderte og prioriterte av dei enkelte verksemdene. Summen for søkte midlar for dei prioriterte prosjektsøknadene utgjer omlag 15 millionar kroner, som er to millionar meir enn førre utlysing.

Til søknadsprosessen i år blei det presisert at søknadane skulle støtte den regionale innovasjonsstrategien. Søknadar skal ta i vare minst eitt av satsingsområda i strategien; psykisk helse og rus, kroniske lidingar, kvalitet i behandlinga, og effektiv ressursbruk.

Det er anerkjent at gode innovasjonar ofte tek tid, og nokre søknadar kjem i fleire omgangar for vidareføringar. Ein kan søkje om innovasjonsmidlar uavhengig av kva fase i innovasjonsprosessen prosjektet er i, men majoriteten av søknadane er i en utprøvingsfase ved søknadstidspunktet.

Desse har fått tildeling

Helse Bergen

  • Sporings og overvåkningsløsning i Sterilforsyningskjeden – 1 200 000
  • Homegrown growth factors – 800 000
  • Production of the new local-anesthetic neosaxitoxin through synthetic biology – 300 000
  • Utvikling av automatisert løysing for medisinsk kommentering av prøvesvar i Laboratorieklinikken – 300 000
  • Bruk av drone i helsevesenet – 200 000

Helse Fonna

  • Trygg på skulder – 400 000
  • Aktiv lysregulert psykiatri – 500 000

Helse Stavanger

  • RAKOS AMK simulator sted 2 og 3 – 1 000 000
  • Simulering i opplæring av pasient og pårørende – 250 000
  • Recovery støtte til rusavhengige – 180 000
  • Enklere ICD- og NCSP-kodeprosedyre gir bedre kodekvalitet – 400 000

Helse Førde

  • Pust deg betre – 715 000
  • Bruk av drone i helsevesenet – 600 000

Sjukehusapoteka Vest

  • Tilberedning av legemidler ved intesiv- og nyfødtavdeling – 950 000

Helse Vest IKT

  • Sandbox for regional innovasjon – 750 000
  • Bruk av sensorteknologi i laboratorier – 230 000
  • Prediksjon av pasientoppmøte og avbestilling – 250 000

Private ideelle med avtale

  • Haraldsplass: Bruk av drone i helsevesenet – 200 000

Les meir om innovasjon i Helse Vest