Tildeling av såkornmidlar 2018

18 småskala forbetringsprosjekt får tilsaman 3,1 millionar kroner i såkornmidlar frå Helse Vest i 2018. Prosjekta skal bidra til kvalitetsforbetring og auka pasienttryggleik i sjukehusa.

illustrasjonsfoto blodprøvetaking
Illustrasjonsfoto: Helse Fonna

Prosjekta som har fått tilskot frå Helse Vest er fordelte på alle føretaka, samt private ideelle. Formålet er å prøve ut forbetringstiltak i liten skala, før dei eventuelt kan breiddas ut til fleire einingar.

Mange gode søknadar

Søknaddane Helse Vest mottok i år var prioriterte frå helseføretaka. Prosjekta er vurdert ut frå kvalitet på søknad, realisme i det å få gjennomført eit kvalitativt godt klinisk forbetringsprosjekt innanfor rammene av eit såkornprosjekt, i tillegg til kriterium for tildeling av såkornmidlar.

Kartleggingar, forskingsprosjekt, midlar til drift og tiltak for å auke kunnskapsnivået blant medarbeidarar er ikkje prioriterte.

Desse prosjekta får støtte i 2018:

Helse Stavanger

  • Pasientsikkerhet - Også for unge med utviklingsforstyrrelser?. Får 150 000 kroner i tilskot.
  • Samval i behandling. Får 150 000 kroner i tilskot.
  • Team for Kritisk Syk Pasient Bra!. får 150 000 kroner i tilskot.
  • TMA i somatikk og prehospitale tjenester. Får 150 000 kroner i tilskot.
  • Preoperativ anestesi klinikk. Får 140 000 kroner i tilskot.

Helse Fonna

  • Kvalitetssikring av rengjøring av kirurgiske instrumenter. Får 100 000 kroner i tilskot.
  • Kommunikasjonsflyt for mattilbod og ernæring i sjukehus. Får 150 000 kroner i tilskot.
  • Vellykket behandling av syklig overvekt i Helse-Fonna. Får 150 000 kroner i tilskot.
  • Optimalisering av slagbehandlingsforløpet. Får 150 000 kroner i tilskot.

Helse Bergen

  • Trygg legemiddelhåndtering i Kortidsposten. Får 180 000 kroner i tilskot.
  • Økt kvalitet på blodprøvetaking tatt av postpersonalet vil også bedre pasientsikkerheten. Får 180 000 kroner i tilskot.
  • Utvikling av tavlemøter og forbedringstavle i øye poliklinikk. Får 180 000 kroner i tilskot.
  • Tjenester på tvers. Får 180 000 kroner i tilskot.

Helse Førde

  • Implementering av smitteverntiltak: Antibiotika profylakse ved kirurgi. Får 200 000 kroner i tilskot.
  • Implementering av Behavioral Pain Scale i Intensiv avdeling. Får 225 000 kroner i tilskot.

Private ideelle

Haraldsplass:

  • Kvalitative og kvantitative gevinster ved endosepakkede legemidler på Haraldsplass Diakonale sykehus.  Får 225 000 kroner i tilskot.
  • Vurdering av kognitiv funksjon hos akutt syke eldre med mulig sepsis ved Haraldsplass Diakonale sykehus. Får 215 000 kroner i tilskot.

Rogaland A-senter:

  • Intensiv poliklinisk avrusning – for hvem og på hvilken måte? Får 225 000 kroner i tilskot.


Regional forbetringsutdanning

Helse Vest oppmodar prosjektleiarar for prosjekt som er tildelte såkornmidlar til å søkje om plass på Helse Vest si forbetringssutdanning i forbetringsmetodikk. Også søkjarar som ikkje fekk såkornmidlar oppmodast til å søkje om plass på utdanninga.

Etter å ha gjennomført utdanninga skal ein kunne sette i verk, gjennomføre og leie kliniske forbetringsprosjekt, som gir varig betring av tenestene, til det beste for pasientar og pårørande.

Les meir om den regional forbetringsutdanninga
Les meir om såkornmidlane og kriterium for tildeling