Tusenvis vil bli sepsis-superagentar

Over 50 000 personar har prøvd mobilspelet Stopp Sepsis etter lanseringa i april. Spelet skal bidra til auka merksemd på kor viktig det er å oppdage og behandle blodforgifting så tidleg som mulig.

stopp sepsis tegnehanne
 

Sepsis er ein av dei mest vanlege dødsårsakene på norske sjukehus, og ein av dei vanligaste årsakene til innlegging på intensiveiningar. Eit landsomfattande tilsyn i norske sjukehus i 2016-2017 viste at sepsis for sjeldan blir oppdaga i ein tidleg fase, og at det dermed er økt fare for at pasientar blir alvorleg sjuke. Auka merksemd på å oppdage og behandle pasientar med blodforgifting kan derfor redde liv.

- Det er veldig kjekt at så mange har spelt spelet og satt fokus på tideleg oppdaging og behandling av sepsis. Dei fleste har spelt spelet på mobil og det er spelt til alle døgnets tider. Det tyder på at vi har lykkast med å lage det ein kallar for pedagogisk fast food – ein type e-læring du tar fordi du har lyst, gjerne på fritida, og som du oppfordrar andre til å ta fordi det er gøy, seier Innovatør og sjukepleiar Eva Cathrine Backer frå avdeling for innovasjon og arkitektur i Helse Vest IKT.

Humoristisk læringsspel for helsepersonell

Stopp Sepsis er illustrert av Tegnehanne, og er eit humoristisk læringsspel om eit alvorleg tema. I spelet skal ein superhelt vurdere pasientar for mulig sepsis, varsle lege og «pusle saman» ein behandlingsplan, med mål om å bli ein sertifisert sepsis-superagent. Og dersom du ikkje held tunga rett i munnen, kan det få alvorlege konsekvensar. Mislykkast superhelten døyr både pasienten og spelaren sine søte små valpar.

tegnehanne illustrasjon

Ønskjer du å spele Stopp sepsis er spelet tilgjengeleg både på nettstaden stoppsepsis.no og via Læringsportalen – klikk på «Kurskatalog» og søk etter Stopp Sepsis.

Set blodforgifting på dagsorden

- Med tanke på talet påloggingar, delingar på Facebook og tilbakemeldingar frå helsepersonell er det tydelig at spelet treff målgruppa. At spelet i tillegg er implementert i e-læringsporteføljen til andre helseregionar i landet og er del av Pasientsikkerhetsprogrammet sin tiltakspakke mot tidleg oppdaging og behandling av sepsis, er eit kvalitetsteikn og eit stort kompliment til Helse Vest, seier Backer.

Allereie etter fire veker har spelet lyktast med å støtte arbeidet med å sette sepsis på agendaen, ikkje berre i regionen, men òg nasjonalt. Spelet er delt av alt i frå fagfolk, høgskular, senter for antibiotikaresistens, redningsselskapet, ambulanseforum og privatpersonar i heile landet. På Facebooksida til det nasjonale pasientsikkerhetsprogrammet har saka om lanseringa av spelet satt rekord og er den mest delte saken nokon sinne.

- Eg er utruleg nøgd med å ha lukkast med å få satt tidleg oppdaging og behandling av blodforgifting på agendaen. I tillegg har vi opparbeida oss kunnskap om trenden serious gaming, seier Backer som ikkje utelukkar at det kjem fleire spel for helsepersonell i tida som kjem.

Er du ein sepsis superagent?

tegnehanne illustrasjon