Utlysing av midlar til kvalitetsregister i Helse Vest

Har du ein ide til eit kvalitetsregister? Helse Vest lyser no ut midlar til lokale og regionale medisinske kvalitetsregister som er forankra i regionen. Søknadsfrist 16. mars 2018.

helsepersonell som skriver på pc
 

Midlane blir delt ut av Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest for å bidra til at det blir etablert nye kvalitetsregister som kan nyttast i forbetringsarbeid. Det er eit mål å stimulere registermiljøa i alle helseføretaka i regionen og til at det blir  etablerar kvalitetsregistre på fagområder kor det ikkje eksisterer kvalitetsregistre, eksempelvis innanfor psykisk helse.

Det blir ikkje tildelt midlar til ordinær registerdrift, arbeid med oppbygging eller til utvikling av elektronisk løysing, eller til investeringar. 

Kriterier for tildeling

  • Stimuleringsmidlane kan tildelast lokale og regionale kvalitetsregister i tråd med formålet.
  • Prosjekta skal vere tidsavgrensa og moglege å realisere innanfor den økonomiske ramma det er søkt om. 
  • Erfaringar frå prosjekta skal kunne nyttast av alle føretak/sjukehus/institusjonar i regionen.
  • Prosjekta skal som hovudregel ha med brukarrepresentant og brukarperspektivet vil bli vektlagt.
  • Prosjekta må ha leiarforankring.
  • Fagmiljø som vil bruke kvalitetsregisterdata i konkret kvalitetsforbetringsarbeid, satsingar for å bidra til auka pasienttryggleik, eller satsingar spesielt knytt til bruk av pasientrapporterte utkommemål (PROMs), eller utvikling av arketyper blir særskilt oppmoda til å søkje. Desse prosjekta bør nytte ei metodisk tilnærming for systematisk kvalitetsutvikling, og må gjere greie for korleis effekten av tiltaka skal målast.
Midlane vil bli tildelt som ein eingongssum til utvalde register. Prosjektperioden er inntil 1 ½ år, dvs. utløpet av 2019. Ubrukte midlar skal betalast tilbake og kan berre unntaksvis overførast til neste år etter særskilt grunngjeven søknad til fagdirektørmøtet i Helse Vest. Søknadar om overføring av midlar vil bli lagt fram for fagdirektørmøtet i Helse Vest, og må sendast til Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest seinast november året etter tildeling. 

Tildelingssum er avgrensa til 150 000 kroner. 

Helseføretaka skal følgje opp prosjekta undervegs i perioden. Dersom prosjektgruppa har behov for rettleiing i kvalitetsforbetringsmetodikk må gruppa kontakte personar med denne kunnskapen i sitt eige helseføretak.

Søknadsskjema

Søknadsfrist er fredag 16.03.18.

Søknadsskjema fyllest ut elektronisk ved å bruke denne lenkja: https://goo.gl/forms/1NexLUNIrLWwYrPC3

Det anbefalast å bruke «Chrome» som nettlesar. Det er mogeleg å endre i søknadsskjema fram til søknadsfristen. Det gjer du slik: du får ein e-post etter fyrste registrering med kopi av svara du har lagt inn. Øvst i e-posten står det «ENDRE SVARET». Trykk på denne for å opne søknadsskjema igjen. For best layout; kopier lenkja inn i Chrome nettlesaren. Se rettleiar til søknadsskjema.

Vedlegg
Eventuelle relevante vedlegg skal sendast til kvalitetsregistre@helse-vest.no.

Rapportering

Rapport over bruken av midlar og presentasjon i postermal skal sendast Fagsenter for medisinske register innan 17.01.2020. Det skal gjerast greie for resultat av tiltaket, særleg erfaringar som kan vere nyttige i oppbygging/utvikling av andre register. Særskilt rapporteringsskjema skal nyttast. Posterpresentasjonar til regionale konferansar kan bli etterspurte, og posterpresentasjon vil bli gjort tilgjengelege for medarbeidarar og leiarar i og utanfor Helse Vest og for offentlegheita. Det er eit mål å formidla resultat frå kvalitetsregistra og difor vil ein kortversjon om kva som er oppnådd med stimuleringsmidlane kunne bli publisert på Fagsenteret si heimeside.

Kontakt

Eventuelle spørsmål kan sendast til kvalitetsregistre@helse-vest.no.