Utlysing av såkornmidlar 2018

Har du ein forbetringsidè? Helse Vest deler kvart år ut såkornmidlar til lokale initiativ for å stimulere til pasienttryggleiksarbeid og kvalitetsutvikling i helseføretaka. Søknadsfrist er 5. mars.

Helsepersonell, smiler
 

Helse Vest reknar med å dele ut 3,1 millionar kroner i såkornmidlar i 2018.

Midlane blir delte ut til lokale initiativ som er forankra i helseføretaka og i private, ideelle institusjonar i Helse Vest. Formålet med prosjekta skal vere å prøve ut forbetringstiltak i liten skala, før dei eventuelt kan breiddas ut til fleire einingar.

Helseføretak/institusjonar må sende inn samla søknad, i prioritert rekkjefølgje, til Helse Vest innan 5. mars 2018. Merk at ditt føretak kan ha lokale fristar for innlevering av søknad for å nå den regionale fristen.

Meir informasjon og søknadsskjema