Utlysing: Midlar til kvalitetsforbetringsprosjekt

Det er klart for å søkje finansiering til gjennomføring av kvalitetsforbetringsprosjekt. For 2018 er søknadsfristen 1. juni 2018.

Uskarpt bilde av en sykehuskorridor. Foto.
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregister oppfordrar nasjonale medisinske kvalitetsregister og avdelingar som vil nytte data frå nasjonale kvalitetsregister i kvalitetsforbetringsarbeid, til å søkje om finansiering til gjennomføring av kvalitetsforbetringsprosjekt. For 2018 er søknadsfristen 1. juni 2018.

Ei av hovudhensiktene med å opprette medisinske kvalitetsregister er at kvalitetsregisterdata skal nyttast til kvalitetsforbetringsprosjekt. For å stimulere til slikt arbeid og utvikling av kompetanse på kvalitetsforbetring er det av felles infrastrukturmidlar sett av øyremerkte midlar til slike prosjekt. Servicemiljøet fordeler årleg midlane på vegner av interregional styringsgruppe.

I tillegg til økonomisk bistand vil servicemiljøet også gi rettleing i planlegging og oppfølging av slike prosjekt. Miljø som ønskjer å setje i gang et kvalitetsforbetringsprosjekt blir oppfordra til å ta kontakt med servicemiljøet for hjelp til å identifisere potensielt gode prosjekt, val av forbetringsmetodikk, rettleiing knytt til utfylling av prosjektskisse/ søknad om midlar og generelle tips og råd før oppstart.

Kven kan søkje midlar?

  • Nasjonale medisinske kvalitetsregister
  • Avdelingar som ønskjer å nytte data frå nasjonale medisinske kvalitetsregister til lokalt kvalitetsforbetringsarbeid

Kriterium til prosjektet

  • Kvalitetsforbetringsprosjektet skal nytte resultat frå eit nasjonalt medisinsk kvalitetsregister
  • Variablar/indikatorar som blir brukte som utgangspunkt for forbetringsarbeidet skal derfor vere eksisterande variablar i kvalitetsregisteret
  • Gjennomføringa til prosjektet og resultat skal kunne nyttast av Servicemiljøet til generell metodeutvikling og kunnskapsoverføring. Det blir derfor stilt spesifikke krav til levering av sluttrapport og innhald (sjå kontrakt for finansiering)
  • Prosjektmidlane skal ikkje nyttast til ordinær registerdrift, kun til planlegging og gjennomføring av kvalitetsforbetringsprosjektet
  • Prosjektmidlane skal heller ikke nyttast til å finansiere tiltak internt på deltakande sjukehusavdelingar som elles skal kunne reknast som del av ordinær sjukehusdrift

Det blir oppfordra til at kvalitetsforbetringsprosjektet følgjer «Gjennombruddsmetoden» eller liknande metodikk.

Kriterium til søknaden

Meir informasjon og mal for prosjektskisse som skal nyttast for søknaden finst på nettsida:

Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregistre - Kvalitetsforbedring

Det kan søkjast finansiering for totale kostnadar for kvalitetsforbetringsprosjektet, eller det kan inngå som del av finansieringa. Midlane blir tildelti som eit eingongsbeløp.

Kontaktperson i Helse Vest:

Linn Jeanette Waagbø, Nasjonalt servicemiljø region vest, kvalitetsregistre@helse-vest.no