Vinnarar av Kvalitetsprisen 2018

Soffien Ajmi og Knut Olav Sandve frå Helse Stavanger er tildelte Helse Vest sin Kvalitetspris 2018. Dei får prisen for arbeidet sitt med å utvikle og innføre tverrfagleg simuleringstrening for behandling av pasientar med hjerneslag.

Vinnarane Knut Olav Sandvem Soffien Ajmi med Lin Iren Giske Andersen  i midten.
Knut Olav Sandve, Lin Iren Giske Andersen frå LHL Hjerneslag og Soffien Ajmi. Foto: Haakon Nordvik

Kvart år blir omlag 12.000 nordmenn ramma av hjerneslag. Hjerneslag fører ofte til invaliditet og til at pasientar hamnar på sjukeheim. For å oppnå eit godt resultat er det avgjerande at hjerneslagpasientar får behandling så raskt som mogleg. På sjukehuset blir det tatt forskjellige metodar i bruk for å opne blodtilførselen til hjernen, men også på sjukehuset tel kvart sekund.

Soffien Ajmi, LIS-lege ved Nevrologisk avdeling og Knut Olav Sandve, overlege ved radiologisk avdeling, har saman utvikla og innført tverrfagleg simuleringstrening for å redusere tida frå pasienten kjem til sjukehuset med symptom på hjerneslag til behandling blir gitt.

Målbare resultat

Soffien Ajmi og Knut Olav Sandve har i samarbeid med ei prosjektgruppe ved Stavanger universitetssjukehus og LHL Hjerneslag Ung innført simuleringstrening for heile behandlingskjeda ved hjerneslag. Gjennom samarbeid med SAFER og Laerdal medical AS inkluderer dette også trombektomi på ei simuleringsdukke, SimMan vascular. Dermed kan heile behandlingsteamet trene i lag, og øve på å forbetre samspelet mellom forskjellige yrkesgrupper.

Gjennom prosjektet har Helse Stavanger redusert tida frå innkomst til behandling med blodproppoppløysande medisin (trombolyse) frå 29 til 13 minutt.

Prosjektet har danna ein modell for forbetring av heile hjerneslagsbehandlingskjeda gjennom prosedyreendring og simulering.

– Det er veldig stas og verkeleg ei anerkjenning av det arbeidet vi og fleire andre har vore med på, seier dei to vinnarane.

Knut Olav Sandve og Soffien Ajmi, kvalitetsprisvinnarar.
Dei glade prisvinnarane, Knut Olav Sandve og Soffien Ajmi. Foto: Haakon Nordvik

Også dei beste kan bli betre

Heile slagbehandlingskjeda har i fleire år blitt systematisk gjennomgått og forbetra. Helse Stavanger har vore i verdstoppen når det gjeld god slagbehandling, og har også tidligare vunne Kvalitetsprisen for arbeidet som er gjort når det gjeld forbetring av slagbehandlinga.

– Det at det ligg ein god forbetrings- og vinnarkultur på plass i organisasjonen har gjort at det er lettare å få til endring og forbetring. Medarbeidarane er vande med endring og ønskjer forbetring. Vi arbeider heile tida med å forbetre oss, seier Ajmi.

– Det som står att no er blant anna å få simuleringstrening etablert som ein regelmessig klinisk praksis og ikkje berre som del av eit prosjekt. For å få full effekt må det trenast jamleg og ein må sikre at nye medarbeidarar får på den same kunnskapen, seier Sandve.

Inger
Frå venstre Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Stavanger, Knut Olav Sandve og Soffien Ajmi, prisvinnarar, Lin Iren Giske Andersen frå LHL Hjerneslag og Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest RHF. Foto: Haakon Nordvik

Samrøystes innstilling

Ein samla komité innstilte Soffien Ajmi og Knut Olav Sandve til vinnarar av Kvalitetsprisen 2018.

– Dette er gode eksempel på at ein alltid kan bli betre, og eit stjerneeksempel på korleis helsevesenet må jobbe med kontinuerleg forbetring. I tillegg har prosjekta gått radikalt til verks i å inkludere pasientar og brukarar, og dette bør vere til inspirasjon for oss alle, seier Synnøve Serigstad, leiar av pasienttryggleiksprogrammet i Helse Vest.

I grunngjevinga frå komiteen står det blant anna at «Arbeidet til Ajmi og Sandve omhandlar ei stor og viktig pasientgruppe, som har fått eit betydeleg betre resultat av behandlinga som følge av forbetringsarbeidet. Arbeidet har vore tverrfaglig og det har vore hard jobbing av mange. Med denne prisen tar alle involverte del i anerkjenninga av dette godt gjennomførte kvalitetsforbetringsarbeidet med gode dokumenterte og publiserte resultat.»

Om kvalitetsprisen

Pasienttryggleiksprisen er på 100.000 kroner og blir delt ut til fagmiljø/grupper eller enkeltpersonar i Helse Vest, eller i verksemder som har avtale med Helse Vest RHF, som gjennom forskings- og utviklingsarbeidet sitt har forbetra kvaliteten på tenestetilbodet i spesialisthelsetenesta. Resultata skal vere dokumenterte og publiserte i fagtidsskrift eller i vitskapelige tidsskrift.

Prisen blei delt ut under Helse Vest sin Kvalitetskonferanse i Haugesund 25. april 2018.