149 millionar kroner til klinisk behandlingsforsking

Ni prosjekt med forankring i alle helseregionane er tildelte totalt 149 millionar frå Nasjonalt program for klinisk behandlingsforskning i spesialisthelsetjenesten (KLINBEFORSK). Dette vedtok dei administrerande direktørane i dei regionale helseføretaka 21. oktober 2019. 

Prøveglass
Foto: Kjetil Alsvik

​– Dei regionale helseføretaka sitt program, KLINBEFORSK, bidreg med langsiktig og føreseieleg finansiering for store, nasjonale multisenterstudiar. Desse prosjekta er viktige for å utvikle ny kunnskap, og studiane gjer at pasientane kan få tilbod om å delta i utprøvande behandling, seier Jan Frich, viseadministrerande direktør i Helse Sør-Øst RHF og leiar av programstyret for KLINBEFORSK.

Tematisk breidde

Det er eit krav at prosjekta skal ha samarbeidspartnarar frå alle helseregionar. Eitt av dei ni prosjekta blir koordinert frå Helse Nord, medan Helse Vest og Helse Sør-Øst skal koordinere fire prosjekt kvar. Prosjekta med støtte frå KLINBEFORSK er alle forankra i tenestebehov med stor tematisk breidde:

– Denne gongen er det mellom anna tildelt middel til forsking på ny behandling for demens med Lewy-legemer og til digital trening av pasientar med mild kognitiv svikt. Det er gledeleg at vi også for første gong har ein studie av kirurgisk behandling på tildelingslista. Søknadane vitnar om at vi har mange gode forskingsgrupper som held svært høgt nivå og som kan hevde seg i open konkurranse om store, nasjonale forskingsmiddel.

Innspel frå Nye metoder

Helse- og omsorgsdepartementet har bedt dei regionale helseføretaka vurdere korleis kunnskapsbehov som er identifisert i systemet Nye metoder kan knytast opp mot KLINBEFORSK. I år støttar KLINBEFORSK eit prosjekt om multippel sklerose der forskingsformålet samanfall med innspel som har komme frå fagdirektørane i dei regionale helseføretaka.

Om KLINBEFORSK

Programmet støttar kliniske studiar med inntil 20 millionar kroner over ein femårsperiode. Søknadane blir vurdert av ein internasjonal fagkomité etter kriterium basert på vitenskapeleg kvalitet og forventa nytteverdi for pasientbehandling.

Prosjekt med tildeling frå KLINBEFORSK skal leggje til rette for inkludering av pasientar frå alle helseregionane og i tillegg er brukermedverknad obligatorisk. Desse elementa blir følgt tett opp under gjennomføringa av studiane, og brukarar inngår også som aktive deltakarar i KLINBEFORSK sitt programstyre.

Prosjekt støtta av KLINBEFORSK (alfabetisk)
​Prosjektleiar og institusjon​Tittel​Tildeling (mill. kr)
​Lars Bø/Helse Bergen HF​Study of Mesenchymal Autologous stem cells as Regenerative Treatment for Multiple Sclerosis (SMART-MS)​12,3
​Rasmus Goll/ Universitetsssykehuset Nord Norge HF​Faecal Transplantation for Irritable Bowel Syndrome – First Phase-III Clinical Trial​19,4
​Åslaug Helland/Oslo universitessykehus HF​Durvalumab After RadioTherapy - the DART-study​14,2
​Susanne M. Sørensen Hernes/Sørlandet sykehus HF​Repeated advanced cognitive training in MCI (the REACT-MCI Study)​19,8

​Rune Bruhn Jacobsen/ Akershus universitetssykehus HF

​Improving the Treatment of Anterior Cruciate Ligament Tears in Norway with register-RCTs – who should have surgery and how should we do it? ​17,8
​Kjell-Morten Myhr/Helse Bergen HF​Ocrelizumab versus Rituximab off-Label at the Onset of Relapsing MS Disease: The OVERLORD-MS-Study​19,2
​Hilse Nilsen/Akershus universitetssykehus HF​Dietary intervention to delay deterioration of neuronal function in Ataxia Telangiectasia​6,4
​Halvor Næss/Helse Bergen HF​The Norwegian Tenecteplase Stroke Trial 2 (NOR-TEST 2)​19,9
​Arvid Rongve/Helse Fonna HF​Ambroxol and Nilvadipine in early and prodromal Dementia with Lewybodies​20,0