Auka brukarmedverknad i helseforsking

Brukarane har fått ei langt sterkare medverknad i forskinga i spesialisthelsetenesta, viser "Nasjonal rapport om forskning og innovasjon i spesialisthelsetjenesten i 2018".

Kvinne mottar en rapport fra mann. Foto.
Administrerande direktør, Lars Vorland i Helse Nord RHF, overrekkjer rapporten til statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartementet. Foto: Helse Sør-Øst

I 2018 gjekk 68 prosent av prosjekta som blir finansiert av dei regionale helseføretaka til prosjekt der brukarane deltek. Det er ei tredobling frå 20 prosent brukardeltaking i 2014.

Les rapporten "Forsking og innovasjon til pasientens beste" (PDF)

Rapporten presenterer 18 aktuelle forskingsprosjekt frå spesialisthelsetenesta i Noreg, saman med nøkkeltal for forsking i spesialisthelsetjenesta. Tre av desse er frå Helse Bergen, eitt frå Helse Stavanger. Les dei fire sakene i botnen av denne saka.

Demokratisering av forskninga

Formålet med brukarmedverknad er å betre kvalitet og relevans i forskinga. Brukarmedverkna inneber ei demokratisering av helseforskinga, og kan bidra til at perspektiva, behova og erfaringane til brukarane blir reflekterte i forskinga.

Brukarmedverknad i forsking skal gi meirverdi for forskinga gjennom involvering av brukarar i forskingsarbeidet, som rådgivarar og samarbeidspartar. Brukarar kan delta i workshops, referansegrupper, forskingsnettverk eller direkte i forskingsgrupper. Brukarmedverknad i forskingsprosjekt kan skje i alle hovudfasane av eit prosjekt: Planlegging, gjennomføring og avslutning.

Mest til kreft

Prosjekt relatert til kreft har dei siste åra fått største delen av forskingsmidlane som blir tildelt av dei regionale helseføretaka. Årets rapport presenterer fleire prosjekt knytte til ulike sider av kreftsjukdommar og kreftbehandling. Heilt nye forskingsområde er også komne til i helseføretaka. Dette er illustrert med tema som maskinell læring, kunstig intelligens og persontilpassa medisin.

Viktig aktivitet

– Rapporten synleggjer for alle kor stor og viktig innsats som blir lagt ned for pasientane. De flyttar grenser for kva som er mogleg og utarbeider viktige verktøy til bruk i pasientbehandlinga, sa statssekretær Anne Grethe Erlandsen, då ho tok imot rapporten. Det var administrerande direktør, Lars Vorland i Helse Nord RHF, som overrakte han på eit seminar i regi av dei regionale helseføretaka på Universitetssykehuset Nord-Norge i Tromsø.

– Fremtidas pasientbehandling blir kontinuerleg utvikla gjennom auka kunnskap. Derfor har vi ønskt oss endå meir klinisk forsking, mer forsking på korleis tenestene kan utvikle seg og større brukarmedverknad for å treffe endå betre med problemstillingane. Vi ønskjer også større tilgang til resultata for å sikre at vi er i kontinuerleg læring, sa Erlandsen.

Stor spennvidde

– Rapporten viser at forskinga er like mangfoldig som behandlingstilbodet, sa Lars Vorland då han overleverte rapporten.

–Tematisk er spennvidda stor, frå fødsel til kreftbehandling ved livets slutt. Det blir også lagt vekt på innovative løysingar, både ved tenesteinnovasjon, der vi bruker ny teknologi og utvikling av nye produkt. Pasienten og pårørande blir sett i sentrum i fleire prosjekt. Respekt for pasientens autonomi er viktig, så vel i behandlingssituasjonen som i forskingsverksemda.

– Brukarmedverknad kjem tydeleg fram i fleire av prosjekta, sa Vorland. – Forskinga blir med bidragas frå brukarane endå meir aktuell og nyttig for pasientar, pårørande – og for samfunnet.

Aktuelle nøkkeltal om forsking

Rapporten omfattar også nasjonale nøkkeltal for forskingsproduksjon, forsking på fagområde, internasjonal finansiering og samarbeid med næringsliv og typer forsking, brukarmedverknad, forskningsetikk, publiserande forskarar og innovasjon.

Fire Helse Vest-prosjekt

Helse Vest er presentert med Fire prosjekt i rapporten:

Demensskole øker livskvaliteten (Helse Stavanger)Forskingsstudien utgår frå Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling (SESAM), Stavanger universitetssjukehus. Forskinga har pågått i Stavanger, Oslo, Harstad/Kvæfjord og Bodø, og er blitt gjennomført i tett samarbeid med Nasjonalforeningen for folkehelsen i Rogaland og Nasjonalforeningen Stavanger demensforening.

Gir håp til pasienter med autoimmune sykdommer (Helse Bergen)
Prosjektet har ei breitt samansett og tverrfagleg forskingsgruppe med forskarar frå Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen, i tillegg til eit stort nettverk av regionale, nasjonale og internasjonale samarbeidspartar.

Alt som piper er ikke astma (Helse Bergen)
Prosjektet utgår frå EILO-gruppa, som er eit langvarig samarbeid mellom Barne- og ungdomsklinikken og Klinikk for hode-hals ved Haukeland universitetssjukehus, og består av 19 personar frå ulike disiplinar. Gruppa har ein sentral internasjonal posisjon og leiande rolle innanfor fagfeltet.

Høyt blodtrykk mer skadelig for hjertet (Helse Bergen)
Prosjektet utgår frå forskingsgruppa Bergen Hypertensjon og hjartedynamikk ved Hjarteavdelinga, Haukeland universitetssjukehus. Prosjektet starta opp i 2012 med Universitetet i Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Universitetet i Tromsø, Norges Arktiske Universitet og Federico II Universitetet i Napoli, Italia, som partnarar. Frå 2015 har Charité Universitetet også vore partnar.

Fleire rapportar kan du lese på vår forskingsside