Auka openheit om sjølvmordstankar

Fleire enn 150 tusen vestlendingar fekk med seg Helse Vest sin folkeopplysingskampanje for å førebyggje sjølvmord. Det viser ei befolkningsundersøking gjennomført av Epinion. Det er ein klar tendens til at fleire veit at openheit om sjølvmord er viktig og kor dei kan vende seg for å få hjelp.
Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.
Bilete frå Helse Vest sin folkeopplysingskampanje "Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv."

Sjølvmord er eit stort folkehelseproblem. Kvart år tek om lag 600 nordmenn sitt eige liv. Det er nesten fem gonger så mange som det døyr i trafikken. I tillegg blir det anteke at mellom 3 500 og 7 500 personar årleg forsøker å ta sitt eige liv. Likevel blir det ikkje snakka om. 

– At så mange har fått med seg bodskapen i kampanjen «Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv», er formidabelt. Og så veit vi at mange har lagt merke til han «utan at dei veit det sjølve».

Slik er det ofte med massekommunikasjon: bodskapen legg seg ein stad der inne i oss, og så dukkar han opp at når vi har bruk for han!, fortel Jan Olav Johannessen, psykiatar og forskingssjef i Helse Stavanger.

Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv

Målet med folkeopplysingskampanjen for å førebyggje sjølvmord var nettopp å få i gang dei livreddande samtalane i det offentlege rom og mellom enkeltmenneske.

Kampanjen skulle bidra til å bryte ned stigma og skape forståing for at det ikkje er farleg å snakke ope om sjølvmordstankar, og kor viktig det er å ta den potensielt livreddande samtalen mellom menneska det gjeld.

Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.

Tal frå ein registerstudie viser at 62 prosent av dei som tok sjølvmord i 2016 ikkje hadde vore i kontakt med psykisk helsevern i løpet av det siste året før dei tok sjølvmord. Nesten 70 prosent av dei hadde vore i kontakt med fastlegen, veker eller siste månader før – men ikkje snakka om sjølvmordstankane sine.

– Mange, ja bortimot halvdelen av oss, er redde for å snakke om sjølvmord med nokon dei kjenner, sjølv om dei har mistanke om at denne vennen, eller kollegaen, slit med tunge tankar. Vi er redde, fordi vi frykter at ved å spørje om sjølvmordstankar, ja så set vi vedkommande på ein idé han eller ho ikkje hadde frå før.

Heldigvis er det ikkje slik. All forsking og erfaring tilseier det motsette: å snakke om sjølvmordstankar er IKKJE farleg. Tvert om, det kan redde liv, seier Johannessen.

Folkeopplysingskampanjen for å førebyggje sjølvmord blei utført i tett samarbeid med helseføretaka i Helse Vest, Velg å leve og Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest). Rogaland Fylkeskommune og Nasjonalt kompetansesenter for forebygging og selvmordsforskning bidrog også inn i arbeidet.

Må satse meir på sjølvmordsførebygging

Resultata frå folkeopplysingskampanjen viser ein klar tendens til endring i rett retning. Sjølv om endringane er små, har kampanjen sett temaet på dagsordenen og opna for tettare samarbeid i regionen for å førebyggje sjølvmord.

Å førebyggje sjølvmord er ikkje gjort i ei handvending. Folkeopplysingskampanjen til Helse Vest er ikkje nok til å famne dette folkehelseproblemet aleine. Det er behov for massiv innsats og ei langsiktig satsing på området. I Helse Vest heød vi fra, med arbeidet med sjølvmordsførebygging i regionen, og håper å kunne gjenta kampanjen våren 2020.

– At 600 menneske i Noreg tek sitt eige liv kvart år – er 600 for mykje. For 20-30 år sidan var talet på trafikkdrepne omtrent på same nivå. Gjennom systematisk satsing på førebyggjande tiltak er dette talet no nede i så vidt over 100 per år. Det er sjølvsagt òg for mange, men vi bør forvente ei tilsvarande satsing òg på sjølvmordsførebygging.

Skal vi oppnå reduksjon av sjølvmord i Noreg må det satsast betydelige midlar til målretta folkeopplysing, slik kampanjen i Helse Vest har gjort. Og vi veit at slike kampanjar må rullas ut jamleg, elles forsvinn merksemda og den kunnskapen vi har bygd opp. Eg gler meg til å halde fram, seier Johannessen.

Psykiatar Jan Olav Johannessen