Bergensklinikkene del av Helse Bergen

Frå og med 1. desember er Helse Bergen si Avdeling for rusmedisin ansvarleg for vidare behandling av alle pasientar frå Bergensklinikken. Dette får i utgangspunktet ingen konsekvensar for pasientane.

Bergensklinikkene del av Helse Bergen
Mai-Elin Lillevik Hagenes, Erlend Wittrup Djup,  Janicke Tillung Fredriksen og Anja Therese Midtun Murer Holst er seksjonsleiarar frå Bergensklinikken, no i Avdeling for rusmedisin.

Hovudmålet med verksemdsoverdraginga er å sikre tilbodet til ei sårbar pasientgruppe, ta vare på eit fagmiljø som er bygd opp over lang tid og å ta vare på dei tilsette.

– Dei er hjarteleg velkomne, og vi gler oss til å jobbe vidare saman for å få til eit best mogleg tilbod for pasientane våre, seier administrerande direktør Eivind Hansen i Helse Bergen.

Hansen roser medarbeidarar i både «nye» og «gamle» Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen for innsatsen i perioden som har vore. – Det har vore ei krevjande tid, og eg er takknemleg for den store innsatsen som er lagt ned og den positive innstillinga de har vist. Eg vil takke alle medarbeidarar for at de har sikra pasienttilbodet i denne overgangsfasen, seier Hansen.

Her kan du lese meir om bakgrunnen for at Bergensklinikkene blir del av Helse Bergen.

Dette får i utgangspunktet ingen konsekvensar for pasientane. Dei som har timeavtale eller avtale om innlegging ved Bergensklinikken, møter på avtalt tid og stad.

Dersom ein ikkje ønsker at vidare planlagt behandling skal skje i Helse Bergen må pasienten ta kontakt med behandlaren sin eller den seksjonen han/ho får oppfølging frå.

Her han du lese meir om kva dette betyr for dei som er pasientar i Bergensklinikkene.