Pakkeforløp for psykisk helse og rus skal bidra til å løyse nokre av dagens utfordringar, blant anna når det gjeld variasjon i ventetider, utgreiing og behandling. Pasientar, brukarar og pårørande skal få større innflytelse på behandlinga og behandlinga skal bli meir heilskapleg utan unødig venting.
Slik verkar pakkeforløpet:
Aktiv brukarmedverknad
For å få dette til er det nødvendig med god samhandling. Helsepersonell skal involvere pasienten i alle avgjersle som gjeld pasienten, og gi informasjon om dei ulike behandlingsalternativa og tenestetilboda som finst, slik at pasienten kan ta eit informert val om behandling og oppfølging.
Helsepersonell skal òg samarbeide med andre aktørar som er del av behandlingsløpet og holde tilvisar orientert om status. I tillegg skal behandlinga evaluerast systematisk undervegs i saman med pasienten og andre samarbeidspartnarar.
Forløpskoordinatoren er ein nøkkelfunksjon
Eit sentralt grep for å sikre god samhandling og oppfølging, er bruk av forløpskoordinator både i kommunen og i spesialisthelsetenesta. Forløpskoordinatorane skal vere med på å sikre at utgreiing, behandling og oppfølging er individuelt tilpassa og skjer utan unødig venting.
Pakkeforløpa gjeld for ein stor del av pasientane innanfor psykisk helse og rus. Det er pakkeforløp for utgreiing og behandling barn og unge, vaksne og innanfor tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Det er òg utvikla pakkeforløp for fleire tilstandsspesifike forløp som for eksempel psykose, tvangslidingar og spiseforstyrringar.
Med pakkeforløp skaper vi pasienten si helseteneste.
Oversikt over alle pakkeforløp og retningslinjer (Helsedirektoratet)Meir om kva pakkeforløp inneber for pasientar og pårørande (Helsenorge.no)