Dataproblem i Helse Vest

Denne morgonen har det vore dataproblem i sjukehusa i Helse Vest. Dei fleste systema er no i drift igjen, men noko arbeid står igjen.

Tastatur. Foto.
 

Det blei oppdaga ein feil i ei lagringsløysing kl. 09.15. Feilen blei raskt retta, men førte til at fleire system måtte startast på ny.

– Når vi gjer ein slik omstart, tek det dessverre tid å få systema opp igjen, i riktig rekkjefølgje, seier Erik M. Hansen i Helse Vest IKT.

– I tillegg måtte nokre serverar startast på ny manuelt, og dette har gjort at det har teke endå lengre tid for å få alt til å fungere som normalt og som det skal.

Sjukehusa har gode naudrutinar og øver jamleg på å handtere bortfall av IKT. For pasientane betyr desse problema først og fremst at det kan bli forseinkingar og utsettingar av behandling utover dagen. Sjukehusa ber pasientar som skal til planlagd behandling om uansett å møte til timen dei har fått.

– Vi beklagar dei ulempene dette medfører, både for pasientar og medarbeidarar. Dei fleste systema er no i drift igjen. Vi jobbar hardt for å løyse det som gjenstår av problem og reknar med å ha alle system i god drift i løpet av dagen, seier Hansen.