Dei viktige stemmene

I brukarutvalet til Helse Vest sit det ti personar. Blant desse finn vi fem kjente fjes og fem nye fjes. Deira oppgåve er å vere talerøyret til pasientar og pårørande i Helse Vest. Jan Oddvar Gjerde er ikkje berre ny som leiar, men også heilt ny i brukarutval-samanheng.

Regionalt brukarutval
Medlemmane i det regionale brukarutvalet i Helse Vest. Frå venstre: Joe R. Aseerwatham, Jostein Bildøy, Astrid Gytri, Karl Olaf Sundfør, Merete Hauge, Anne Marie Auestad, Jan Oddvar Gjerde, Elisabet B. Salte, Henrik Aasved og Oddrun Strand Rangnes.

Heilt ukjent med brukarmedverking er den nye leiaren likevel ikkje. Gjerde har lang erfaring frå brukarorganisasjonar, nærmare bestemt LHL, som er ein av dei største i landet. Men sjølv om han kjem frå LHL, er han tydeleg på at han representerer alle pasientar og pårørande.

To damer og en mann sitter ved et bord og prater

Henrik Aasved er ein erfaren nestleiar og god støtte for den nye leiaren.

– Når vi sit i brukarutvalet representerer vi ikkje den brukarorganisasjonen vi kjem frå, men alle pasientar og pårørande på Vestlandet. Det er ein stor og viktig jobb, men det er nødvendig at vi forstår den rolla vi har i utvalet, fortel Gjerde.

– Eg er heldig som har Henrik Aasved som nestleiar. Han har lang erfaring, og eg støttar meg mykje på han og dei andre med erfaring frå brukarutvalet. Det har vore viktig for meg i starten, seier leiaren, som skryter av ei ressurssterk gruppe som har mykje å bidra med.

Brukarmedverking i vinden

Å vere leiar for det regionale brukarutvalet er ein stor jobb på fleire måtar. Ein blir involvert i mange saker, og Gjerde er imponert over at helseføretaka fokuserer så mykje på brukarmedverking. Han merkar òg den positive haldninga i styret til Helse Vest, der han sit som observatør. Til førre styremøte måtte han lese 650 sider i forkant. Det er ansvaret til leiaren å velje kva det regionale brukarutvalet skal prioritere av saker.

Portrettbilde av Jan Oddvar Gjerde, leiar for regionalt brukarutval

Leiar for det regionale brukarutvalet i Helse Vest, Jan Oddvar Gjerde.

– I tida framover er samhandling og samval noko som ligg høgt oppe på prioriteringslista vår. Vi ønskjer at pasienten skal bli meir involvert i vala som blir tekne om si eiga helse, seier leiaren, som trekkjer fram ei yrkesgruppe han synest har mykje trening i å involvere pasientane – nemleg tannlegane.

– Hos tannlegen blir pasienten ofte presentert for fleire val. Han kan velje om han vil rotfylle eller ikkje, og han blir dermed involvert i avgjerslene. Dette kan spesialisthelsetenesta lære av. Vi må bli betre på å involvere og informere pasientane, sørgje for at dei forstår og gje dei god opplæring.

Pasienten i sentrum

Samhandling er eit viktig tema for leiaren. Både mellom pasient og fagpersonell, men også samhandlinga med kommunen. Når spesialisthelsetenesta og kommunen arbeider godt saman, blir det betre for pasienten, som jo alt dette handlar om.

– Helsetenesta er stor og spesiell, og det er alltid menneske involvert. Det er ei utfordring, men ein blir aldri for gammal til å lære noko nytt, avsluttar den nyvalde leiaren.

Les meir om det regionale brukarutvalet i Helse Vest