Folkeopplysingskampanje for å førebyggje sjølvmord

Sjukehusa på Vestlandet, Helse Vest, Rogaland Fylkeskommune, interesseorganisasjonar og fleire startar denne veka ein folkeopplysingskampanje for å førebygge sjølvmord: Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.

Kristoffer Joner fronter kampanje for selvmordsforebygging. Foto.
 

Med ein folkeopplysingskampanje ønskjer vi å auke kunnskapen og openheita kring sjølvmordsåtferd, og senke terskelen for å snakke om tankane mange kan ha – og søkje hjelp.

 

Bakgrunnen for kampanjen er at sjølvmord er eit stort folkehelseproblem, og at det i Noreg døyr 550-600 menneske av sjølvmord kvart år. Det blir anteke at mellom 3 500 og 7 500 personer årleg forsøker å ta sitt eige liv.

En registerstudie viste at 62 prosent av dei som tek sjølvmord ikkje har vore i kontakt med psykisk helsevern i løpet av det siste året før dei tok selvmord, og at 70 prosent har vært i kontakt med fastlegen veker og siste månader før, men ikkje snakka om sjølvmordstankar.

Bodskapen blir presentert på boards (utandørsplakatar) i bybildet, nettannonsering og i sosiale medium i kampanjeperioden.
I ein slik kampanje er det viktig å formidle kvar det er hjelp å få. Her følgjer Helse Vest tilrådingane til Nasjonalt senter for forskning og selvmordsforebygging og helsenorge.no.

Fastlege, helsesøster på skolen eller på helsestasjonen, psykolog, psykisk helse- og rusteneste, legevakt eller psykososialt kriseteam i kommunen er første hjelpeinstans.

Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv

 

Både fastlegen og psykolog i kommunen kan tilvise vider til Barne- og ungdomspsykiatrisk klinikk (BUP) eller Distriktspsykiatrisk senter (DPS) dersom det er behov for det.

Ei rekkje organisasjonar er involvert i arbeidet med førebygging av sjølvmord. Enkelte av dei har støttegrupper og hjelpetelefonar:

  • Ved akutte situasjonar, ring legevakta på 116 117
  • Mental Helse: 116 123
  • Røde Kors: 800 33 321
  • Kirkens SOS: 22 40 00 40
  • Ved livstruande situasjonar, ring naudnummer 113
  • helsenorge.no – side om sjølvmord og sjølvmordstankar

For råd og rettleiing viser vi til nettsida vi utarbeidd:

helse-vest.no/selvmord