Herlof Nilssen fråtrer stillinga som administrerande direktør i Helse Vest RHF våren 2020

Pressemelding frå Helse Vest RHF

Herlof Nilssen ga i styremøtet i Helse Vest i dag melding om at han ønskjer å fråtre stillinga som administrerande direktør. Etter 18 år i stillinga gir han stafettpinnen vidare våren 2020. Styret har sett ned eit underutval som skal starte prosessen med å rekruttere ny administrerande direktør.

Herlof Nilssen
Foto: Kjetil Alsvik

– Å vere med på etableringa og leie Helse Vest i så mange år har vore ei spennande reise. Det har vore interessant, krevjande og ikkje minst har det vore eit privilegium å leie eit område med så dyktige og engasjerte medarbeidarar i alle ledd, seier Herlof Nilssen. – Vi har nådd langt, retninga for vidare utvikling er sett og resultata er gode for sjukehusa på Vestlandet. Dette er eit godt tidspunkt for eit skifte.

Herlof Nilssen, administrerande direktør, Helse Vest RHF. Foto.

Herlof Nilssen går av som administrerande direktør våren 2020.

Herlof Nilssen vil gå over i ei anna rolle i Helse Vest frå våren 2020, og vil stå til styret sin disposisjon.

Styreleiar Einar Strømsvåg seier at Herlof Nilssen har hatt særs mykje å seie for utviklinga i Helse Vest, dei resultata ein har sett gjennom mange år og det gode samarbeidet i føretaksgruppa, så vel som nasjonalt. – Vi tar meldinga om at Nilssen ønskjer å gå av som administrerande direktør til etterretning. Styret er glad for at Nilssen har sagt seg villig til å være i stillinga til våren 2020. Det gjer at styret får ro til å finne den rette kandidaten.

Desse deltar i rekrutteringa

Styret i Helse Vest RHF har oppretta et underutval for å rekruttere ny administrerande direktør. Desse er med i tilsettingsutvalet:

  • Styreleiar Einar Strømsvåg
  • Nestleiar i styret Tone Berntsen Steinsvåg
  • Styremedlem Katrine Trovik
  • Styremedlem Wenche Kristin Røkenes

Styret vil også bruke eit rekrutteringsfirma i arbeidet med å finne ny administrerande direktør. Val av rekrutteringsfirma vil bli gjort blant dei leverandørane Helse Vest har rammeavtaler med.

Kontaktinfo for pressa

  • Einar Strømsvåg, styreleiar Helse Vest RHF, tlf.: 900 79 856
  • Herlof Nilssen, administrerande direktør Helse Vest RHF, tlf.: 909 11 130
  • Bente Aae, kommunikasjonsdirektør Helse Vest RHF, tlf.: 415 33 807

Pressefoto

Herlof Nilssen

Ekstern lenkje

Dagens medisin: Herlof Nilssen går av som Helse Vest-direktør