Ja til seks nye metodar

Beslutningsforum for nye metoder har sagt ja til seks nye metodar inkludert behandling for multippel sklerose (MS), lungekreft, hemofili A og alvorleg astma. Totalt blei ni metodar beslutta i møtet den 18. november.

 

Avgjerda, som er fatta av Beslutningsforum for nye metoder, er resultat av lange prosessar og grundige vurderingar av dei menneskelege konsekvensane som følgjer av avgjerd om innføring så vel som avgjerd om ikkje å innføre ein behandlingsmetode.

Dersom det kjem nye opplysningar (om pasienttryggleik, kostnadseffektivitet, pris, biotilsvarande/generika, overlevingsstal m.m.) som endrar resultatet vesentleg, vil avgjernda kunne vurderast på ny.

Les meir om avgjerdene her:

Multippel sklerose (MS)

Rituksimab kan brukast til behandling av relapserande remitterande multippel sklerose (RRMS).

Ocrelizumab (Ocrevus) blir ikkje innført til behandling av relapserande remitterande multippel sklerose (RRMS).

Hemofili A

Damoctocog alfa pegol (Jivi) kan innførast til profylaktisk bruk hos tidlegere behandla pasientar med hemofili A som er tolv år og eldre.

Ein føresetnad er at prisen er lik eller lågare enn den prisen som er grunnlaget for denne avgjerda. Det er ein føresetnad at at legemiddelet inngår i anbod, og vil først kunne takast i bruk frå 1. september 2020.

Ovarialkreft

Niraparib (Zejula) blir ikkje innført til vedlikehaldsbehandling av vaksne pasientar med tilbakefall av BRCA-positiv platinasensitiv høygradig epitelial kreft i eggstokk, eggleder, eller primær kreft i bukhinne som har respondert (heilt eller delvis) på platinabasert kjemoterapi.

Prisen for legemiddelet er for høg. Det er ikkje dokumentert at eventuelle fordeler ved niraparib (Zejula) kan tilseie at dette preparatet kan ha ein høgare pris enn anna godkjent preparat til behandling på denne indikasjonen.

Det finst alternativ behandling for denne pasientgruppa. Olaparib er allereie innført for denne indikasjonen.

Lungekreft

Nivolumab (Opdivo) kan innførast til behandling av voksne pasientar med ikkje–småcella lungekreft av typen plateepitelkarsinom som ikkje uttrykker PD-L1 og som tidlegare har motteke kjemoterapi.

Føresetnaden er at prisen er lik eller lågare enn den prisen som er grunnlaget for denne avgjerda.

Nivolumab (Opdivo) blir ikkje innført ikke til behandling av vaksne pasientar med ikkje-småcella lungekreft av typen ikkje-plateepitelkarsinom som ikkje uttrykker PD-L1 og som tidlegare har motteke kjemoterapi. For denne pasientgruppa synest helsegevinsten liten, mens kostnadane ved bruk av nivolumab er betydelege.

Det er ikkje tilrådd å gi immunterapi utover 24 månadar. Kortare behandlingstid enn 24 månadar kan vurderast hos pasientar med komplett respons og/eller betydelege biverknadar.

Atezolizumab (Tecentriq) i kombinasjon med bevacizumab, paklitaksel og karboplatin blir ikkje innført til behandling av ikkje små-cella lungekreft som har EGFR-mutasjon eller er ALK-positiv.

Det er stor usikkerheit i analysane når det gjeld effekten av denne behandlinga til denne pasientgruppa. I tillegg er prisen for høg.

Dakomitinib (Vizimpro) kan innførast til førstelinjebehandling av lokalavansert eller metastatisk EGFR-mutasjonspositiv ikkje-småcella lungekreft.

Det er ein føresetnad at prisen er lik eller lågare enn den prisen som er grunnlaget for denne avgjerda. Legemiddelet kan takast i bruk frå 1. januar 2020, då ny pris kan gjelde frå denne datoen.

Alvorleg astma

Dupilumab (Dupixent) kan innførast til vaksne og ungdom som er 12 år og eldre som tillegg til vedlikehaldsbehandling av alvorleg astma.

Det er ein føresetnad at prisen er lik eller lågare enn den prisen som er grunnlaget for denne avgjerda. Medikamenta skal forskrivast av spesialist i lungesjukdommer.

Les alle detaljane om avgjerdene på nyemetoder.no