Kvalitetsprisen til Helse Stavanger

Mottaksklinikken i Helse Stavanger får årets kvalitetspris i Helse Vest. Prisen får dei for systematisk og brei satsing på å fremje pasienttryggleik og kvalitet. Rask avklaring når pasienten kjem til sjukehuset gir nemleg god pasienttryggleik.

Fire personer, en av dem har mottatt Kvalitetsprisen 2019. Foto.
Glad kvalitetsprisvinnar frå Mottaksklinikken i Helse Stavanger! Frå venstre Herlof Nilssen, adm.dir Helse Vest, klinikksjef og prisvinnar Erna Harboe Helse Stavanger, Cathrine Bryne, adm.dir. Helse Stavanger og Baard-Christian Schem, fagdir. Helse Vest.

Klinikksjef Erna Harboe tok imot prisen under den regionale Kvalitet- og registerkonferansen.

– Eg er stolt over å ta imot prisen på vegner av alle dei dyktige og engasjerte medarbeidarane i Mottaksklinikken, seier Harboe.

Mottaksklinikken i Helse Stavanger er ei stor eining med om lag 1 100 medarbeidarar. Klinikken samlar no det som tidlegare var ei rekkje avdelingar på sjukehuset.

Prisvinnere, på scenen, Kvalitetsprisen 2019. Foto.

Klinikksjef erna Harboe saman med fleire av hennar medarbeidarar i Mottaksklinikken, Helse Stavanger.

Starten på forbetringsarbeidet som skulle gi så gode resultat var utfordringa med mange korridorpasientar og overbelegg. Det blei gjort ei omfattande og gjennomgåande satsing på organisatoriske, strukturelle og romlege tilhøve.

Systematisk forbetringsmetodikk

– For å få den nye avdelinga til å fungere godt, blei det brukt systematisk forbetringsmetodikk og det er dette som kvalifiserer klinikken for Kvalitetsprisen 2019, seier leiar for juryen, Anne Grimstvedt Kvalvik.

– Forbetringsarbeidet knytt til Mottaksklinikken ved Stavanger universitetssjukehus har hatt sterk leiarforankring med ein målbevisst tanke om å byggje forbetringskultur over tid. Det er lagt vekt på å byggje både solid medisinsk kompetanse og god forbetringskunnskap, og å kombinere desse. Resultata sjukehuset no kan vise til, og som er presenterte både nasjonalt og internasjonalt, gjer at Mottaksklinikken verkeleg fortener denne prisen, fortel Kvalvik.

Arbeidet vil halde fram

– I fleire år har vi arbeidd systematisk med å styrkje forbetringskulturen for å fremje pasienttryggleik og kvalitet. Dette vil også vere viktig i tida framover, seier prisvinnaren.

Prisvinnar Erna Harboe snakkar i mirkofon. Foto.

Klinikksjef Erna Harboe takkar for Kvalitetsprisen 2019.

To av forbetringsprosjekta

Avklaringsmottaket gir pasientane raskare hjelpOpning av kardiologisk dagpost

Årleg konferanse

Kvalitetsprisen i Helse Vest blir kvart år delt ut på den på den regionale Kvalitet- og registerkonferansen, som i år blir halde i Bergen