Kven fortener kvalitetsprisen 2020?

Helse Vest inviterer leiarar og medarbeidarar i helseføretak/sjukehus  i regionen til å fremje kandidatar til kvalitetsprisen.
Tegne-hanne tegneserie. Grafikk
 

Prisen blir delt ut til fagmiljø/grupper eller enkeltpersonar i verksemdene i Helse Vest eller som har avtale med Helse Vest. Kvalitetsprisen skal tildelast fagmiljø/grupper eller enkeltpersonar som gjennom sitt arbeid med kvalitetsforbetring, forskings- og utviklingsarbeid har auka kvaliteten eller pasienttryggleiken i tenestetilbodet i spesialisthelsetenesta.

Arbeid som omhandlar implementering av kunnskapsbaserte forbetringstiltak, er også aktuelle.

Skal fremje meir kvalitetsarbeid

Resultata skal vere dokumenterte og gjerne publiserte i fagtidsskrift eller vitskapeleg tidsskrift. Prisen er på kr 100 000 og eit kunstverk. Pengane skal nyttast til vidare arbeid på området eller til kompetansehevande tiltak innanfor kunnskap om pasienttryggleik, kvalitetsforbetring eller til å stimulere til dette.

Helse Vest RHF tek imot grunngivne og kortfatta forslag på maksimalt 2 sider, i tillegg til ei beskriving av kandidaten/-ane. Forslaga vil bli behandla konfidensielt av ein komité av medlemmar frå institusjonar i og utanfor Helse Vest. Dersom forslaget byggjer på spesifikke rapportar, artiklar og/eller omtalar, skal desse leggjast ved eller på anna vis gjerast tilgjengelege for priskomiteen.

Vinnaren blir kåra i mai 2020

Prisen vil bli delt ut under Kvalitets- og registerkonferansen i Helse Vest i Stavanger, 12. mai 2020. Vinnaren vil bli beden om å halde eit kort innlegg på konferansen dagen etter.