LIBRA endeleg på lufta

1. april blei eit nytt system for rekneskap innført i alle føretaka i heile regionen.

Gruppebilde av ti personer i sykehusuniform.
Nokre av medarbeidarane som har vore involvert i programmet LIBRA.

​Det har tatt lang tid å utvikle LIBRA og det har kravd både lange dagar og seine kveldar. Derfor er det særskilt gledeleg å kunne seie at innføringa endeleg er i gang. Per Karlsen, økonomi- og finansdirektør i Helse Vest, er programeigar og har kalla det eit av dei største systemløfta som har blitt gjort i Helse Vest, og han er svært takknemleg over innsatsen som er lagt ned.

– Eg er utruleg imponert over arbeidet som er gjort heile vegen, av dei i programmet, i prosjekta, i føretaka. Det er mange som har jobba mykje for å få dette til. Særleg etter at vi bestemte oss for å starte innføringa 1. april, har det blitt gjort eit formidabelt arbeid for å teste systemet, gi opplæring og førebu innføringa i føretaka.

Portrettbilde av Per Karlsen.

Per Karlsen er takknemleg og imponert over innsatsen som er lagt ned.

LIBRA er nye felles arbeidsprosessar og ny IKT-løysing for støttetenestene, som skal erstatte gamle og utdaterte system. Støttetenestene det gjeld for er rekvirent, innkjøpar, rekneskapsmedarbeidarar, linjeleiarar, lager og forsyning og controllerar.

I tillegg til at dagens IKT-system er gamle og utdaterte, finst det også mange forskjellige system som blir brukt om kvarandre. No blir det eitt felles system for heile regionen.

– Det handlar også om at det skal bli mindre plunder og heft for dei som nyttar støttetenestene, at dei får bedre system å jobbe i og med. Som når ein skal bestile varer, at varelogistikken går enklare, at ein har gode system når ein skal ta betaling for dei tenestene vi gjer og har system som gir oss betre oversikt over alt det vi gjer. Det er innanfor alle desse dimensjonane vi ønskjer å få det betre med LIBRA, seier Karlsen.

Same system, same arbeidsprosessar

Med LIBRA går vi frå mange system til eitt nytt og felles system, og frå mange måtar å gjere ting på til ein felles måte. Med systemet følgjer nye og felles arbeidsprosessar, som skal sikre at det blir god arbeidsflyt, og sikre at vi gjer ting riktig og slepp å bruka tid og ressursar på å rette feil og gjere ting om igjen.

Systemet heiter SAP S/4 HANA. Systemet gjer at vi kan innfri krav til sporing av varer og materiell, og at dei som arbeider med pasientbehandling kan bruke mindre tid enn før på å bestille og leite etter varer.

Rekneskap først ut

Først blir rekneskap innført i alle føretaka i Helse Vest. I byrjinga av mai er planen å innføre IKT-løysinga for lager og innkjøp i Helse Stavanger. I løpet av dei neste åra kjem resten av føretaka med på desse områda.

Det er mange medarbeidarar og leiarar som får større eller mindre delar av arbeidskvardagen sin endra som følgje av innføringa av LIBRA. Karlsen  har sett fram til å starte innføringa. Samtidig legg han ikkje skjul på at det kan bli utfordrande i ein periode etter at ein har kome i gang.

– Når du innfører nye system, vil nokre kanskje synes det er betre frå dag 1. For andre igjen kan det opplevast tyngre. I den første fasen har vi også laga nokre mellombelse prosedyrar, «interimsprosedyrar». Det inneber at før vi er heilt oppe og går med alt, må vi gjere ting på ein litt annleis og kanskje meir tungvint måte. Så vi må berre ha trua med oss: Når alt dette er ferdig, så blir det bra. Vi har hatt med oss dei beste fagfolka frå føretaka i arbeidet, som har lagt sjela si å gjere at dette blir best mogeleg. Så det ligg gode føresetnader i botn, avsluttar Karlsen.