Må satse meir på sjølvmordsførebygging

Vi må våge å snakke om sjølvmordstankar og det må bli satsa meir på førebygging av sjølvmord. Det er ein klar konklusjon etter konferansen om sjølvmordsførebygging som blei avvikla i Stavanger denne veka.

Bilde av mann i blå t-skjorte. Portrett.
 

​Kvart år døyr 550-600 menneskjer av sjølvmord i Noreg, og det blir anteke at mellom 3500-7500 personar årleg forsøker å ta sitt eige liv. I 2017 var det over fem gonger så mange som døydde av sjølvmord som i trafikkulykker.

– Sjølvmord er eit stort samfunnsproblem. Ein konferanse som denne er viktig for å belyse samfunnsproblemet, få eit engasjement rundt temaet og få ein auka innsats for sjølvmordsførebygging, seier Jan Olav Johannessen, som er forskingssjef ved Stavanger universitetssjukehus, og som sit i den lokale fagkomiteen for konferansen.

Ikkje farleg å spørje

Det er den største konferansen om sjølvmordsførebygging i Noreg, der deltakarar frå heile landet deltok. Noko av det som blei diskutert fleire gonger under konferansen, var korleis helsetenesta kan gjere enda betre vurderingar og gje risikoutsette menneskjer enda betre behandling. Ein føresetnad for dette, er at befolkninga veit at dei kan få hjelp.

– Omtrent halvparten av dei som tar livet av seg har ikkje vore i kontakt med helsetenesta. Det er viktig å gjere befolkninga merksame på at dei kan få hjelp og kor dei kan få hjelp, seier Johannessen, samstundes som han meiner at vi må bli betre på å snakke om sjølvmordstankar.

– Folk er redde for å snakke om sjølvmord, og mange trur at viss dei spør ein dei kjenner om dei har tenkt på å ta livet sitt, så kan dei gje personen tankar dei ikkje hadde frå før. Slik er det ikkje, og det blei diskutert både før og under konferansen korleis vi kan nå ut med bodskapet at det ikkje er farleg å snakka om sjølvmordstankar.

Noreg må satse meir på førebygging

Eit anna viktig formål med konferansen er å bringe forskarar, fagfolk og klinikarar saman. Under konferansen har det blitt presentert statistikk og relevant forsking, som er viktig i arbeidet for førebygging. Eit av foredraga handla om nullvisjonen i vegtrafikken, og om den kan bli overført til sjølvmordsførebygging.

I eit anna foredrag fekk vi høyre korleis dei arbeider i Australia med å førebygge sjølvmord blant ungdommar, der den australske professoren Jo Robinson snakka om forsking på sosiale medium si rolle i førebygginga. Johannessen meiner det må bli satsa meir på førebygging av sjølvmord i Noreg.

– I den australske regjeringa sitt budsjett for neste år, satsar dei tre milliardar kroner på sjølvmordsførebygging. Vi treng ei heilt anna satsing på informasjonstiltak retta mot befolkninga i Noreg, og det er viktig å treffe både utsette grupper og fagfolk. Helsearbeidarar, sosialarbeidarar, leger og helsesjukepleiarar må få den nødvendige kompetansen til å oppdage og handtere personar med sjølvmordstanker.

Like viktig som å bringe fagfolk saman, er å få høyre stemma til dei som har opplevd at nokon nære har tatt sjølvmord eller har hatt sjølvmordstankar, eller som har hatt sjølvmordstankar sjølv. I foredraga om sjølvmord i brukarperspektiv blei det igjen understreka kor viktig det er med openheit for å førebygge fleire sjølvmord.

– Det viktigaste ein kan gjere framover i førebyggingsarbeidet, er å satse i mye større grad på kontinuerleg informasjon ut til befolkninga, avsluttar Johannessen.