Dei gode orda hagla over prisvinnaren, Linda Karen Eide, som til dagleg er rådgivar ved seksjon Arbeidsmiljø og personalrådgiving ved Haukeland universitetssjukehus.
Prisen blei delt under den nasjonale miljø- og klimakonferansen for helseføretaka, som blei arrangert denne veka.
– Dette var veldig hyggelig og veldig uventa. Eg er blei svært overraska og glad for prisen. Det gir inspirasjon til vidare arbeid, seier prisvinnaren.

Ein glad og overraska prisvinnar.
Ho fekk både blomar, diplom og eit kunstverk for sitt arbeid gjennom fleire enn 10 år med arbeidet med miljø. Ikkje berre på Haukeland, men over heile landet. I juryens grunngiving, heiter det blant anna:
Det kom inn 13 forslag til miljøprisen for 2019, frå heile landet. Juryen var einstemmig på at Eide var ein klar vinnar. Juryen har bestått av tilsette i helseføretak, regionale helseføretak og representant frå tillitsvalde. Alle regionane har vore representerte i juryen og leiaren har vore Ivar Eriksen, eigardirektør i Helse Vest.

Ivar Eriksen var leiar av juryen og delt prisen ut til Linda Eide på den nasjonale miljø-og klimakonferansen for helseføretaka, i Bergen.
Det viktigaste kriteriet for prisen er, etter vurdering frå juryen, at prisen skal vere ei påskjøning for ekstraordinær innsats utover det som er vanleg i jobbsamanheng og venta i stillinga.
Linda har leia prosjektet for det nasjonale samarbeidsprosjektet Grønt sjukehus, som no er avslutta. Men det gode arbeidet for miljø i sjukehus, både noverande og dei nye som er under bygging, held fram over heile landet.
Vi gratulerer Linda Karen Eide med miljøprisen for 2019!
Les også sak på helse-bergen-no