Ny utstyrsavtale for diabetespasientar på plass

Dei fire regionale helseføretaka har signert fem av seks deltilbod om innkjøp av insulinpumper, glukosemonitorering (CGM) og forbruksmateriell for diabetespasientar.

Blodprøvetaking. Foto.
Illustrasjonsfoto: Kjetil Alsvik

​​Det er Sykehusinnkjøp HF som har gjennomført anskaffinga av insulinpumper, CGM og forbruksmateriell for dei fire regionale helseføretaka. På ett deltilbod har Sykehusinnkjøp HF motteke ein klage på tildelinga.

– Vi er svært glade for at diabetespasientar får tilgang til insulinpumper og glukosemålarar i helsetenesta. Personvern har vært viktig for oss i denne prosessen, og no blir det inngått det databehandlaravtalar som sikrar personvernet, seier Stig A. Slørdahl, som er leiar for Beslutningsforum for nye metoder.

All informasjon om anskaffinga kan du lese på nyemetoder.no