Nye elektroniske skjema på helsenorge.no

Nå blir fire nye skjema tilgjengelege elektronisk. Då kan pasientar bestille utskrift av pasientjournal og tilgangslogg, be om endring i pasientjournal, og sende spørsmål om oppslag i pasientjournal via helsenorge.no.

 

​Som pasient har du rett til å bestille utskrift av pasientjournalen, tilgangsloggen, be om endring i journalen og sende spørsmål om oppslag i journalen. I dag må du finne skjemaet på nett, skrive det ut, fylle det inn og sende det til sjukehuset i posten.

– Når dei fire skjemaa no blir tilgjengelege elektronisk slepp pasienten å skrive ut og sende via post. Det vil bli mykje enklare for pasienten, som ikkje lenger er avhengig av for eksempel ein skrivar, seier Pernille Gisselmann, prosjektleiar for helsenorge-prosjekta.

Enklare for pårørande

Dersom ein pårørande for eksempel skal bestille utskrift for personar dei har fullmakt for, har den gamle løysinga vore meir tungvint. Tidlegare har dei vore nøydde til å sende inn papirfullmakt i tillegg, men det treng dei ikkje med elektroniske skjema.

– Når ein pasient eller pårørande loggar seg inn på helsenorge.no, kan dei berre sjå opplysningar for seg sjølv eller personar dei har fullmakt for. Når dei skal bestille utskrift av journal via skjema på helsenorge.no, veit systemet kven sine opplysningar dei har tilgang til. Derfor treng dei ikkje å sende inn eit fullmaktskjema, seier prosjektleiaren.

Jobbar for fleire elektroniske skjema

At fire nye skjema blir elektroniske er eit steg vidare i arbeidet med å gjere alle skjema tilgjengeleg elektronisk. Gisselmann fortel at både medarbeidarar og pasientar ønskjer fleire elektroniske skjema.

– Folk er vande til å kunne gjere det meste elektronisk, og då er det ikkje rart at det kan vere  frustrerande å måtte skrive ut og sende inn skjema til sjukehuset. Det er positivt for både pasientar og medarbeidarar at fleire skjema blir elektroniske.

Pasientar må logge seg inn på helsenorge.no for å kunne sende skjema elektronisk, men det vil framleis vere mogleg å ta kontakt med sjukehuset via vanleg postgang eller e-post.

– Ikkje alle pasientar er på helsenorge.no, og det er viktig at vi har eit tilbod til desse. Alle kan ta kontakt på vanleg måte, men som pasient på Vestlandet kan du når som helst logge deg inn på helsenorge.no, seier Gisselmann.

Dette er dei nye skjemaa som blir elektroniske:

  • Førespurnad om utskrift av pasientjournal
  • Førespurnad om endring i pasientjournal
  • Førespurnad om utskrift av tilgangslogg
  • Spørsmål om oppslag i pasientjournal

Lenkjer til dei nye skjemaa