Nytt samvalsverktøy for psykose

Noregs første samvalsverktøy for psykose er no publisert på helsenorge.no. Verktøyet er laga for pasientar som har ein psykoseliding, for at dei skal ha nok kunnskap til å gjere informerte val om eiga behandling.

Dame som snakker. Skjermutsnitt.
Utsnitt frå den nye nettsida om psykose.

Samvalsverktøyet for psykose er ei nettside med kvalitetssikra og pasientretta informasjon om kva for behandlingar som finst, kva desse inneber, og kva for fordelar og ulemper dei har.

– Dette kan gjere det lettare for personar med psykose å diskutere behandlingsval med legen eller psykologen sin slik at dei finn den løysinga som passar best for dei, seier prosjektleiar Leif Arvid Øvernes i Helse Bergen.

Samvalsverktøyet er utvikla av fagfolk i tråd med nasjonale retningslinjer og pakkeforløp for psykose. Informasjonen blir presentert både med tekst og gjennom korte videosnuttar med fagfolk og brukarar. Brukartesting viser at pasientane opplever verktøyet lett forståeleg, nyttig og relevant, og at dei ville anbefalt det til andre.

samval.png

Utsnitt frå den nye nettsida om psykose.

Brukarmedverknad i praksis

Samval er ein prosess der behandlar og pasient saman kjem fram til ei behandling som er i tråd med pasientens verdiar og preferansar.
For at pasientar skal kunne delta aktivt i val av behandling, treng dei god og forståeleg informasjon om kva for mogelegheiter som finst. Samvalsverktøyet for psykose kan brukast ved planlegging av nye behandlingsforløp, eller ved endringar av behandlingsplanen.

– Vi ser eit tydeleg behov for å systematisere brukarmedverknad i psykosebehandling. Dette gjeld kva for informasjon vi gir, men også at vi må etterspørre pasientens oppleving av, og ønske for vidare behandling, seier Øvernes.

Ikkje berre medisinar

I 2015 bad helseminister Bent Høie alle helseregionar om å opprette medikamentfrie tilbod for behandling av psykose.
– Mange pasientar innanfor psykisk helsevern ønsker ikkje behandling med medisinar. Det må vi lytte til og ta på alvor, sa Høie som ein del av si grunngjeving.

Samvalsverktøyet får fram at det finst både medikamentelle og ikkje-medikamentelle behandlingstiltak, også for denne pasientgruppa.

Samvalsverktøyet finn du på helsenorge.no