Openheit kan redde liv

«Vi må ha låg terskel for å bry oss, vere meir opne og tore å snakke direkte med dei vi er bekymra for.» – Fredrik Walby er psykologspesialist og forskar ved Nasjonalt senter for selvmordsforsking og -forebygging og han meiner at opplysingsarbeid og openheit kring sjølvmord kan ha positiv effekt.

Mann, ute. Foto.
Dersom du har sjølvmordstankar er det alltid mogleg å få hjelp. Psykologspesialist Fredrik Walby meiner at fastlegen eller legevakta nesten alltid er staden å starte.

​– Sjølv om denne problematikken har fått meir merksemd over mange år, og at openheit rundt sjølvmord aukar gradvis, er det likevel langt igjen. Vi meiner at det framleis er eit mishøve mellom kor mange som døyr, gjer sjølvmordsforsøk eller som har sjølvmordstankar og den merksemda som er i offentlegheita.

Fleire menn må søkje hjelp

Walby peikar også på ei anna oppgåve han meiner er minst like viktig, men som også heng saman med meir openheit og mindre stigma rundt sjølvmord.

– Vi må nå ut til dei vi slit med å fange opp. Det er særskilt den store gruppa med vaksne menn som er utfordrande. Kvinner er flinkare til å oppsøkje lege og får i større grad hjelp. For kvinner må vi få hjelpen til å fungere betre, men hos menn er problemet å få dei til å søkje hjelp. Tal viser at mange er i kontakt med helsevesenet i løpet av det siste året før dei tar sitt eige liv, 80 prosent av mennene og godt over 90 av kvinnene har vore hos fastlegen.

– Dei fleste av dei, og særskilt mennene, har nok snakka med legen om heilt andre ting enn sjølvmordstankar. Vi i helsevesenet blir nok også lurt til å undervurdere problema til menn, dei er kanskje i trygg jobb, har god økonomi, er i ein situasjon som verkar handterleg og har ingen historie med helsa som skulle tilseie at dei er i ei risikogruppe. Det er dessverre ikkje alltid riktig.

Det er ikkje vanskeleg å få hjelp

Det er mange fordommar og misforståingar både rundt sjølvmord og korleis behandlinga fungerer. Walby held foredrag rundt omkring i Noreg, og i dei mange møta med folk har han gjort ei uheldig oppdaging som han meiner bygger på ei misoppfatning.

– Eg opplever at det dessverre er ein fastgrodd oppfatning om at det er så vanskeleg å få hjelp. Det er jo ikkje riktig, sjølvsagt er det enkeltpersonar som ikkje får den hjelpa dei treng, men som ein heilskap er det ikkje slik. Det finst hjelp å få, det er mange hjelpetilbod og det er kapasitet. Likevel er det veldig mykje snakk om køar i psykiatrien, men det er aldri tre vekers kø på legevakta og du får time hos fastlegen dersom det er alvorleg.

Eg opplever at det dessverre er ein fastgrodd oppfatning om at det er så vanskeleg å få hjelp. Det er jo ikkje riktig.

 

– Dersom du er i ein krise, får du hjelp med ein gang. Det er utruleg viktig å klare å formidle at dette tilbodet finst, og at det fungerer. Vi har mange tenester på ulike nivå, og det er tilpassa formålet om å hjelpe folk som treng det. Det er også ein viktig del av ein opplysningskampanje at vi er tydelege på at det ikkje er vanskeleg eller umogleg å få hjelp dersom du treng det.

I befolkninga er det også mykje utryggleik rundt kva som skjer dersom du kontaktar helsevesenet med tankar om sjølvmord. Walby meiner at det negative fokuset som har vore i media på psykisk helsevern er med å forsterke uheldige oppfatningar og i verste fall skremme mange unna tenester som kunne hjelpt dei.

– Noko som også forsterkar ei negativ haldning til behandlingstilbodet handlar også om korleis situasjonen til dei som søkjer hjelp er. Det typiske er, sjølv om det kan vere mange andre ting også, at dei som søkjer hjelp har ein depresjon, og ein depresjon verkar jo sånn at alt blir meir håplaust, du ser meir svart på det meste og du har vanskelegare for å finne løysingar. Du tenkjer at du ikkje er verdig hjelp eller at det ikkje finst noko som kan hjelpe deg. Det er klart at då er du heller ikkje motivert for å oppsøkje hjelp.

Veldig ofte kan behandlinga vere rask og ukomplisert

Når Walby får spørsmål om det er tydeleg for dei fleste kva vi skal gjere når vi sjølv eller nokon vi kjenner treng hjelp for å komme gjennom ei krise, er svaret eit klart og tydeleg – nei.

– Når høgst oppegåande menneske spør meg fortvila om kva dei skal gjere eller kven dei skal kontakte, tyder det på at vi har ein jobb å gjere. Igjen gjeld det særskilt dei gruppene som ikkje har hatt kontakt med tenestane tidlegare, og det er gjerne der risikoen er størst. Dei som har eit etablert forhold til fastlegen eller er i helsevesenet på eit eller anna vis, veit korleis systemet fungerer.

– Dette er ikkje komplisert, den første kontakten er nesten alltid ein fastlege som kjenner deg frå før og har eit stort register av ulike tiltak å spele på. Det er jo ikkje automatisk slik at du må vere lenge i behandling dersom du har sjølvmordstankar, dei aller færraste skal på sjukehus eller bli lagt inn. Det er eit enormt spenn, og dei fleste kjem seg greitt ut av slike problem med litt hjelp frå profesjonelle, eller også frå venner og familie. Dei aller fleste treng berre litt hjelp og støtte.

Walby meiner at openheit rundt sjølvmordstankar er førebyggjande, og at berre det å lette på trykket ofte har ein terapeutisk effekt i seg sjølv. Det er nettopp derfor han ønskjer at folk skal bli flinkare til å snakke om problema sine, også ting som er vanskelege.

– Vi er generelt for lite flinke til å snakke om vanskelege ting. Derfor må vi hjelpe folk ved å beskrive korleis det skal gjerast, og ikkje minst understreke at det ikkje er farleg. At det likevel kan opplevast utfordrande skal vi ha respekt for. Eg arbeider jo med slike problemstillingar kvar dag, men sånn er det jo ikkje for alle andre. Sjølv om talet på sjølvmord er alt for høgt er det likevel eit relativt sjeldan fenomen på individnivå. Kjem du opp i ein slik situasjon er det sannsynlegvis for aller første gong, då har du ingen trening og det er lett å forstå at det kan kjennast vanskeleg.

Å spørje om nokon har sjølvmordstankar betyr ikkje at du får eit spesielt ansvar

I ein situasjon som er ukjend blir vi kanskje usikre og det er ein naturleg reaksjon å trekke seg unna. Det behøver ikkje bety at vi ikkje bryr oss. Er det kanskje også slik at vi tenker at det er vi som får eit ansvar dersom nokon fortel oss at dei tenkjer på å ta sitt eige liv?

Det er ikkje slik at du skal gjere ei vurdering av sjølvmordsrisiko, det må bli gjort av helsepersonell som er kompetente.

 

– Det er eit enkelt svar på det. Det er ikkje ditt ansvar, og hjelperessursane som trengst er tilgjengelege i samfunnet og helsevesenet. Det er naturleg å vere litt bekymra for svaret du får dersom du stiller eit direkte spørsmål, men det er ikkje farleg. Det er ikkje slik at du skal gjere ei vurdering av sjølvmordsrisiko, det må bli gjort av helsepersonell som er kompetente.

– Det venner, familie eller kollegaer kan gjere, er å stikke hòl på ballongen. Dersom problema er alvorlege er det ikkje du som skal behandle, då er det hjelp å få i helsevesenet. Det er mogleg eg gjentar meg sjølv nå, men fastlegen eller legevakta er staden å starte.

Det er ikkje uvanleg å ha tankar om sjølvmord i løpet av livet

Ein annan ting som er typisk er at når vi er bekymra for nokon snakkar vi nesten alltid mykje meir om dei enn med dei. Det kan vel handle om den same utryggleiken og at det er enklare å unngå temaet eller går rundt det, men det er nesten alltid slik at det ikkje er så vanskeleg dersom vi får ting på bordet. Walby meiner det er viktig å vite at det å ha nokre diffuse eller kanskje filosofiske sjølvmordstankar ikkje er uvanleg, og det gjeld ganske mange av oss. Det er ikkje alltid farlige tankar, men det er viktig å forstå når vi skal vere på vakt:

– Det er når ting endrar seg brått. Nokre har langvarige utfordringar, men særleg der kor ting er litt dramatiske, må vi vere observante. Det er litt skummelt at det kan vere kort vei frå greitt til farleg og at ting kan skje raskt. Ofte er det snakk om menneske som ikkje har hatt problem, men så skjer det noko dramatisk som ein skilsmisse, tap av jobb eller noko som det er lett å forstå er ei belasting.

– Pass særleg på dersom det dukkar opp i kombinasjonen med at det skjer store forandringar i korleis vedkommande oppfører seg. Det er ikkje alltid sånn at dersom du har fiksa kriser før, så fikser du det automatisk neste gang, det er ikkje noe logisk systematikk i det.

Våg å stille direkte spørsmål og ver til stades

Walby stiller seg bak hovudbodskapet i kampanjen til Helse Vest. «Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv». Er det noko vi skal vere bekymra for, eller noko vi kan gjere som enkeltmenneske som er feil?

– Dersom du ikkje er eit menneske som er totalt ufølsam er det vanskeleg å gjere noko feil, men i massekommunikasjon og media er det mogleg å gjere feil. Det kan oppstå smitteeffektar og det er enkelte ting som vi skal vere varsame med å kommunisere.

– I Noreg er vi stort sett veldig flinke til å vinkle nyheitene og behandle sjølvmord på ein måte som er balansert og har fokus på dei viktige tinga. Openheit er viktig, men det å romantisere sjølvmord, skrive for mange detaljar eller lage store sensasjonsoppslag ser vi aldri.

Openheit og kunnskap er viktig, og ein del av folkeopplysningskampanjen er nettsider der det er enkle samtaleguidar og råd om korleis vi kan ta slike vanskelege samtalar. Kor mykje treng vi eigentleg å «kunne» om problemstillinga?

– Det er litt vanskeleg å sette eit minstekrav til kunnskap, men eg trur vi gjer meir enn nok dersom vi berre er til stades, har låg terskel for å bry oss, er meir opne og våger å snakke direkte med dei vi er bekymra for. Det er meir enn ambisiøst og vanskeleg nok.

– Vi må ikkje undervurdere at det er ei belasting også for dei som stiller opp for nokon som slit. Hugs at berre det å spørje eller fortelje om sjølvmordstankar har ein stor terapeutisk effekt. Det er vi på pasientar hele tida. Dersom dei har snakka med nokon, opplever mange at problema kan kjennast annleis og lettare å bere.

For råd og rettleiing viser vi til nettsida vi har utarbeidd i samband med folkeopplysningskampanjen:

helse-vest.no/selvmord