Plikta til å varsle om alvorlege hendingar blir utvida 1. juli 2019

Stortinget har vedteke å utvide den gjeldande varselordninga ved alvorlege hendingar, slik at også kommunar og private som yter helse- og omsorgstenester får plikt til å varsle Statens helsetilsyn.

Operasjonssjukeplaeir held eit apparat. Foto.
Arkivfoto: Helse Vest / Eivind Senneset

Å følgje opp feil og lære av feil er heilt avgjerande for å gjere tenestene betre og pasientane tryggare. Sidan 2010 skal helseføretak og verksemder som har avtale med helseføretak eller regionale helseføretak straks varsle Statens helsetilsyn om alvorlege hendingar som førte til dødsfall eller betydeleg skade for pasient.

Dei fleste tilsyna etter slike varsel blir gjennomført av Fylkesmannen i det aktuelle fylket. Formålet med varselordninga til Statens helsetilsyn er å sikre betre tilsyn med helseføretak og verksemder som har avtale med helseføretak.

Varselordninga blir no utvida slik at også kommunar og private som yter helse- og omsorgstenester får plikt til å varsle om alvorlege hendingar. Meldeplikta skal ikkje erstatte, men støtte kommunen/verksemda sitt arbeid med systematisk kvalitetsforbetring og pasienttryggleik.

Utvidinga av varselordninga inneber at også pasientar og pårørande vil få høve til å varsle Helsetilsynet om alvorlege hendingar.

Utvidinga av varselordninga gjeld frå 1. juli 2019.

Dokument

Brev til regionale helseføretak, helseføretak og andre sjukehus om endringar i varselordningaInformasjonsbrev til kommunane omg utvida varselordningKlage- og varselordningarMeir informasjon om utvida varselordning