Radiologisk avdeling i Helse Bergen fekk utdanningsprisen i Helse Vest

Radiologisk avdeling i Helse Bergen med professor og avdelingsdirektør Aslak Bjarne Aslaksen i spissen, mottok torsdag kveld prisen under Helse Vests utdanningskonferanse i Bergen.

Vinner av utdanningsprisen. To kvinner og to menn på bildet. Foto.
Hilde Christiansen, avdelingsdirektør Helse Vest RHF, Aslak Bjarne Aslaksen, avdelingsdirektør Helse Bergen og professor ved UiB, Clara Gjesdal, viseadministrerande direktør Helse Bergen og Steinar Hunskår, professor ved UiB.

​Aslaksen er rekna som ein pioner og pådrivar innanfor sitt fagfelt. Aslaksen har gjennom sitt årelange arbeid med utvikling av grunnutdanning og vidare- og etterutdanning innanfor kvalitetsleiing, helseleiing og helseinformatikk bidrege til auka kompetanse til studentar og tilsette i helsesektoren.

– Dette er usedvanleg gledeleg og fantastisk, og ei anerkjenning av mange års arbeid, seier Aslaksen på vegner av avdelinga.

Utdeling av pris. Vinnaren får ein klem. Foto.

Hilde Christiansen i Helse Vest delte ut prisen til Aslak Bjarne Aslaksen.

Fører til gode leiarjobbar i helsesektoren

– Eg har arbeidd i sektoren i fleire år, og eg såg tidleg eit behov for å lage kurs. I den tida då eg starta dette arbeidet, var det veldig få kurs i helseleiing. Vi treng både gode fagfolk og gode leiarar i sjukehusa, og vi veit at fleire som har teke utdanninga har fått gode leiarjobbar i sjukehusa eller i andre helserelaterte yrker etterpå, fortel Aslaksen.

Utvikla ved UiB

Kursa er utvikla ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved medisinsk fakultet, UiB, der Aslaksen er ansatt i bistilling som professor.

Saman med professor John Øvretveit tok Aslaksen i 1998 initiativet til å leie det første utdanningstilbodet innanfor kvalitetsforbetring. Emnet Kvalitetsforbedring i helsetjenesten går nå for 19. gang med Universitetet i Bergen (UiB) og 434 studentar har gjennomført og bestått emnet.

Kurs i Helseledelse blei starta opp i 2003, og i 2006 leia Aslaksen gruppa som har utarbeidd det tverrfaglege studietilbodet Master i helseledelse, kvalitetsforbedring og helseøkonomi ved UiB. Sidan starten i 2006 har 70 kandidatar, ofte med 10-15 års yrkeserfaring frå helsevesenet frå før, oppnådd mastergraden, og fleire har per i dag leiarstillingar innanfor helsetenesta.

I 2017 leia Aslaksen utviklinga av emnet Helseinformatikk ved UiB. Emnet er utvikla for å gi studentane ferdigheiter og kompetanse til å kunne delta i IKT-prosjekt og IKT-relatert utviklingsarbeid i helsesektoren. Emnet starta opp hausten 2018 og nye studentar tok til med emnet denne hausten.

Prisvinnar, mann. Foto

Aslak Bjarne Aslaksen og Radiologisk avdeling fekk den første utdanningsprisen i Helse Vest.

God leiing gir god pasientbehandling

– Vi har fått ein flott vinnar av den første utdanningsprisen i Helse Vest. Aslaksen og hans avdeling har over fleire år bidrege til at helsevesenet har fått god leiarkompetanse og god fagkunnskap med dei utdanningstilboda som er utvikla over fleire år.

Med fleire gode leiarar som heile tida kan tilpasse seg den raske utviklinga som skjer innanfor helseområdet, får vi i den andre enden gode tenester for pasientane våre, seier Hilde Christiansen, direktør medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest RHF og ansvarleg for konferansen.

– Vi i Helse Vest ønskjer å fokusere på den svært viktige rolla utdanning speler for helseføretaka. Utdanning bidreg til behova for gode helsetenester i framtida og vi ønskjer å fremje det faglege nivået på utdanning av helsepersonell i regionen, seier ho.

Vi er stolte

Eivind Hansen, administrerande direktør i Helse Bergen, sluttar seg også til gratulantane:

– Eg gratulerer Radiologisk avdeling og Aslak Bjarne Aslaksen med ein velfortent pris. Dei har gjort ein viktig innsats for å utvikle fleire svært relevante utdanningsløp for medarbeidarar og leiarar i sjukehusa. Aslak har stor arbeidskapasitet og evne til å utvikle pedagogiske tilbod som er framtidsretta i tett dialog med viktige samarbeidspartar. På Haukeland universitetssjukehus er vi stolte over at prisen er tildelt Radiologisk avdeling og ein av våre gode medarbeidarar, seier han.

På vegner av Radiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, mottok Aslaksen 100 000 kroner i prispengar saman med eit kunstverk og blomar.

Det skal bli fleire utdanningstilbod

– Pengane ønskjer eg å bruke til å utvikle nye kurs- og undervisningstilbod, og til å forbetre dei kursa vi allereie har, fortel Aslaksen. Han nyttar også høvet til å takke dei som har nominert han og avdelinga til utdanningsprisen.

Utdanningskonferansen - banner med bilder og grafikk