Samde om funksjonsfordeling kreftkirurgi

For å sikre at pasientane får den beste behandlinga innanfor kreftkirurgi, har styret i Helse Vest vedteke ei ny funksjonsfordeling mellom helseføretaka i regionen. Fordelinga skal vurderast årleg for å sikre at kvaliteten på tilbodet er i tråd med nasjonale krav.

Operasjonsutstyr. Foto.
 

– Eitt av krava til kreftkirurgisk verksemd i Noreg er at det bør vere eit gitt volum av inngrep både for sjukehuset og kvar enkelt kirurg. Både operasjonsteam og den enkelte kirurgi har behov for eit gitt volum for å halde kompetansen ved like. På generelt grunnlag ser ein ikkje på volum under 20 operasjonar per år per sjukehus som tilstrekkeleg til å oppretthalde kompetansen innanfor fagområde som er i utvikling.

Det er berre Helse Bergen som er over 20 inngrep per år for alle dei kreftformane som er omtalte. Men ved å innføre ulike typar kompenserande tiltak og forsterke samarbeidet på tvers av helseføretaka, vil det likevel vere mogleg å oppretthalde eit forsvarleg og kvalitativt godt tilbod, innanfor dei fleste fagområda, i alle helseføretaka.

– Eksempel her er nyre- og brystkreftkirurgi. Helse Førde og Helse Fonna tilfredsstiller ikkje kravet til volum per sjukehus og har for få kirurgar, men ved å formalisere eit samarbeid med Helse Bergen eller Helse Stavanger innanfor desse områda vil dei likevel kunne oppretthalde eit forsvarleg tilbod i føretaka, fortel Baard-Christian Schem, fagdirektør i Helse Vest RHF.

Nokre endringar må til

Det er likevel behov for å gjere nokre endringar i funksjonsfordelinga innanfor nokre område.

– Den største endringa i ny funksjonsfordeling gjeld kreft i magesekken. Her er ikkje volumet stort nok til å oppretthalde tilbodet i alle fire helseføretaka, og denne funksjonen blir flytta til Helse Bergen, som einaste stad i regionen denne typen inngrep blir gjennomført, seier Schem. Det vil dreie seg om under 10 pasientar per år.

Primær leverkreft og gallegangskreft blir vidareført i Helse Bergen som før, men volumet for desse inngrepa er så lågt at behovet for ei nasjonal teneste må vurderast i samarbeid med dei andre regionane.

Ingen konsekvens for annan kirurgisk kapasitet

Helse Vest skal kvart år gjere ein gjennomgang av kreftkirurgien i regionen opp mot krava som er sette til kreftkirurgisk verksemd i Noreg. Det skal gjerast ein årleg gjennomgang av aktuelle kompenserande tiltak, og ei meir omfattande vurdering av funksjonsfordelinga etter om lag fire år. Dersom kompenserande tiltak ikkje kan sikrast for eit fagområde må ny funksjonsfordeling vurderast.

Forslag til funksjonsfordeling for kreftkirurgien gjeld så få pasientar at det ikkje vil medføre endringar som får konsekvensar for annan kirurgisk kapasitet i føretaka. Det vil heller ikkje få konsekvensar for lokalisering av utdanning i regionen. Men for å vedlikehalde og styrkje den kirurgiske kapasiteten i dei mindre føretaka bør det setjast i verk tiltak for å sikre at pasientane vel lokalt føretak når det er mogleg.

– Prosjektgruppa har synleggjort at mange pasientar i dag blir behandla i Helse Bergen, som kunne vore behandla i til dømes Helse Førde eller Helse Fonna. Det er viktig å sikre og å støtte opp om det kirurgiske tilbodet ved dei mindre sjukehusa blant anna for å sikre eit fagleg grunnlag for god akutt-kirurgi, samtidig som ein òg avlastar Helse Bergen, der det er stor pågang for kirurgi, seier Schem.

Må sjå på heile pasientstraumen i regionen

For å lukkast med å få til endringar i pasientstraumane, må det setjast inn tiltak hos alle føretaka. Omfanget av dette er mykje større ein dei voluma som omfattar kreftkirurgien. Det skal derfor settast ned eit regionalt prosjekt som skal utarbeide konkrete forslag til korleis desse kan gjennomførast i helseføretaka.

Det skal spesielt leggjast vekt på arbeidet med pasientstraumar slik at pasientane i større grad vel eige føretak når det er mogleg. Prosjektet skal og vurdere om det kan gjerast spesielle satsingar innanfor avgrensa fagområde.

– Uavhengig av kva for funksjonsfordeling som blir bestemt i regionen, vil pasientane alltid kunne velje det sjukehuset dei ønskjer behandling ved, så lenge fleire enn eit sjukehus tilbyr behandlinga. Fritt behandlingsval gjeld også for kreftkirurgi, seier Schem.