Same tenester og tilbod for befolkninga på Vestlandet

Ola Jøsendal og Panchaklausingam Kandiah er tilsette som assisterande fagdirektørar i Helse Vest. Saman skal dei sørgje for at befolkninga på Vestlandet får likeverdige tenester.

Assisterande fagdirektørar. Foto.
Dei to nye fagdirektørane, Ola Jøsendal (t.v.) og Panchaklausingam Kandiah, som har ansvar for høvesvis psykisk helsevern og rus, og somatikk, forbetring og kvalitet.

​Stillinga som assisterande fagdirektør har blitt delt i to, og i årets første halvdel har dei nytilsette funne seg godt til rette i Helse Vest. Som assisterande fagdirektørar skal dei ha eit særskilt ansvar for eitt eller fleire områder og sikre at alle områda i helsetenesta blir tekne hand om.

For at dei ulike områda skal bli følgt opp så godt som mogleg, skal dei to fagdirektørane ha særskilt merksemd på ulike områder. Kandiah vil konsentrere seg mest om somatikk og forbetrings- og kvalitetsarbeid, medan Jøsendal vil følgje psykisk helsevern, rus- og avhengigheitsmedisin og private tenester med avtale med Helse Vest RHF.

Redusere uønskt variasjon

Panchaklausingam Kandiah er spesialist i thoraxradiologi og kjem frå jobben som avdelingsoverlege ved radiologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Han har med seg erfaring frå pasienttryggleik og kvalitetssikring, område han no får ansvaret med å følgje opp. Det skal han gjere ved å sørgje for at befolkninga får same tenester og tilbod.

Vi må redusere uønskt variasjon, slik at folk på Vestlandet får likeverdige tenester

– I helsetenesta gjer vi mykje bra allereie, men eg meiner vi må bli endå betre på kvalitet. Vi må redusere uønskt variasjon, slik at folk på Vestlandet får likeverdige tenester, seier Kandiah.

– Vi er i ein unik situasjon slik eg ser det, der vi har fleire helseføretak i vår region som arbeider veldig godt kvar for seg. Mi rolle er å koordinere alle tenestene. Ei av mine viktigaste oppgåver er å få alle sjukehusa i føretaka til å arbeide endå betre saman.

Travel start

Dei nytilsette kan mykje om områda dei no får ansvaret for, og tek med seg erfaringar frå fleire område og land når dei startar i Helse Vest. Kandiah starta i stillinga som assisterande fagdirektør i januar, medan Ola Jøsendal er noko nyare i jobben. Oppgåvene har likevel ikkje latt vente på seg for den assisterande fagdirektøren som har ansvar for psykisk helsevern og rus.

– Eg har allereie fått vore med på veldig mykje spennande, innanfor  fleire område i helsetenesta, seier Jøsendal, og trekkjer fram både digitalisering og prioritering som særleg interessant.

Det aller viktigaste for alle som arbeider i den offentlige helsetenesta er samfunnsoppdraget


Han er spesialist i samfunnsmedisin og i rus- og avhengigheitsmedisin og har ein doktorgrad i førebyggjande helsearbeid. Inn i jobben som assisterande fagdirektør har han blant anna med seg erfaring som fastlege i kommunen, kommuneoverlege, legevaktsjef og frå leiargruppa ved Haukeland universitetssjukehus.

– Eg synest det aller viktigaste for alle som arbeider i den offentlige helsetenesta er samfunnsoppdraget, det å vere med å bidra til at dei ressursane vi får i helsetenesta blir brukte på best mogleg måte – direkte til pasientbehandling. Det er store og viktige målsetjingar som eg blir veldig inspirert av, og som eg trur Helse Vest har høgt på agendaen.