I forhandlingane om ny offentleg tenestepensjon i fjor, blei minstegrensene på 20 prosent for innmelding i pensjonsordningane vidareførte. LO og YS krev no at denne grensa skal fjernast for deira medlemmar i sjukehusa.
For å løyse streiken, har helseføretaka derfor tilbudt LO og YS at ingen stillingar skal lysast ut i mindre enn 20 prosent. Dermed blir alle fast nytilsette innmeldt i pensjonsordninga. Alle noverande fast tilsette som er organisert i LO/YS, og som har lågare samla tilsettingsforhold enn 20 prosent, vil få tilbod om å utvide sitt tilsettingsforhold til minimum 20 prosent, slik at desse også blir melde inn i pensjonsordninga.
Dette tilbodet vil innebere at dei som ønskjer det, kan meldast inn i pensjonsordninga og få pensjon frå første krone.
Regjeringa har no nedsett ei partssammensett arbeidsgruppe som skal vurdere pensjon frå første krone, herunder minstegrense for innmelding i pensjonsordningane. Resultatet frå dette arbeidet må vere klart før det kan vurderast endringar i sjukehusas pensjonsreglar.
Kontaktperson for media
Bente Aae, kommunikasjonsdirektør
e-post: bente.aae@helse-vest.no