Søk innovasjonsmidlar frå Helse Vest RHF for 2020

Fristen for å søkje innovasjonsmidlar frå Helse Vest RHF er 15. september. Tilsette i alle helseføretak og private, ideellle institusjonar som har avtale med Helse Vest, kan søkje på midlane.

Jente med solsikke. Foto.
 

Tilsette i alle helseføretak og private ideelle institusjonar i Helse Vest kan søkje på desse midlane.

Idémottaket handterer søknadar frå Helse Vest IKT, Sjukehusapoteka Vest og dei private ideelle institusjonane

Dei andre helseføretaka i Helse Vest har eigne idemottak, og handterer søknadar som gjeld det aktuelle føretaket.

Her finn du dei andre idémottaka, der du kan søkje

Vi vil ha gode idéar som kan forbetre kvardagen til pasientar, pårørande og tilsette.

Les tildelingskriteria

Fristen for å sende inn søknadar er satt til 15.september. Alle søknadar skal meldast inn gjennom Idémottaket. Kvart føretak prioriterer sjølv sine eigne søknadar, og sender prioriteringa til Helse Vest RHF. Etter saksbehandling, blir ei samla innstilling lagd fram for leiinga i Helse Vest RHF, som godkjenner tildelinga.

Søknad om innovasjonsmidlar skal leverast elektronisk.

Lenkje til elektronisk søknadsskjema (eSøknad)