Takka pasientane for prisane på årets forskingskonferanse

Christian Moltu fekk innovasjonsprisen i Helse Vest på den årlege forskingskonferansen. Prisen fekk han for det digitale systemet Norse Feedback. Forskingsprisen gjekk til Eystein Sverre Husebye for hans forsking innanfor autoimmune endokrine sjukdommar.

To prisvinnarar med blomar og diplom. Foto.
Til venstre Christian Moltu, innovasjonsprisvinnar frå Helse Førde. Til høgre Pål Njølstad frå UiB, som mottok prisen på vegner av forskingsprisvinnar Eystein Sverre Husebye, UiB/Haukeland universitetssjukehus. Foto: Silje Katrine Robinson.

– Eg er svært glad for denne prisen, seier Christian Moltu. Han er psykologspesialist og til dagleg fagsjef ved Psykiatrisk klinikk, Helse Førde, og professor II ved Høgskulen på Vestlandet. Innovasjonsprisen har han vunne for nysatsinga Norse Feedback. – Systemet skal hjelpe pasientane til å medverke meir aktivt i behandlinga, og hjelpe klinikarane når dei skal snakke med pasientane, fortel Moltu.

Korleis fungerer Norse Feedback?

Norse Feedback er eit aktivt lærande digitalt klinisk system, der pasientar melder frå om korleis dei har det, før dei skal til behandling. Behandlaren og pasienten får tilgang på avansert informasjon om mønster i tilstanden til pasienten. Dette støttar val i behandlingsprosessar.

Systemet gir raskt grafisk informasjon, som behandlaren og pasienten kan bruke når dei treffest. Det kan hjelpe til for å gjere endringar i behandlinga, og at pasientane kan medverke meir i behandlinga sjølv. Norse Feedback er utvikla på bakgrunn forsking på behova til pasientar, klinikarar og forskarar.

– Pasientane er begeistra over at dei kan reflektere over seg sjølv. Merksemda blir retta mot dei, og vekk frå kvardagen. «Eg visste ikkje at eg kunne snakke om dette», er ei tilbakemelding vi ofte får frå pasientane.

Sjå Christian Moltu fortelje om kva Norse Feedback kan bety for pasienten

Utdrag frå grunngivinga til juryen

Norse Feedback er eit digitalt system og eit konsept som persontilpassar behandlinga til pasientar som i dag ikkje får tilfredsstillande behandling. Systemet har sitt utspring innanfor psykisk helsevern, men blir også nytta i somatikken og innanfor rusfeltet.

Utvikling hos den enkelte pasient kan monitorerast meir presist over tid, og tenesta blir meir persontilpassa. Systemet fremmar samval og brukarmedverknad, og er særleg nyttig ved behandling til sårbare pasientgrupper som tidlegare har falle ut av behandlingsforløpet. Norse Feedback er utvikla for enkel og sikker bruk på mobile plattformar for pasientane.

Norse Feedback har utvikla seg til å bli eit stort forskings- kvalitets og innovasjonsprogram med nasjonal og internasjonal utstrekning. Systemet er i bruk eller blir pilotert ulike stader i Noreg. Blant anna bruker Helse Midt-Norge Norse Feedback i fem klinikkar innanfor tverrfagleg spesialisert behandling. Sju klinikkar i England tek systemet i bruk i 2019.

– Vi har ei kjempelang liste over prosjekt vi ønskjer å gå vidare med, og prispengane vil gå med på å finansiere utviklinga, fortel Moltu.

Han fekk 100 000 kroner i prispengar, saman med eit kunstverk og blomar, for ideen som blei til ved kjøkkenbordet i 2014. Han takka pasientane, alle som har bidrege med finansiering og ikkje minst alle medarbeidarane som er med på å utvikle tenesta.

Moltu fekk også kvalitetsprisen i Helse Vest i 2017

Forskingsprisen til studiar av autoimmune hormonsjukdommar

Eystein Sverre Husebye, professor ved Universitetet i Bergen og overlege ved Haukeland universitetssjukehus, er svært takksam for forskingsprisen han har fått. Forskinga har fokusert på pasientar med autoimmun binyrebarksvikt og polyendokrin svikt. Mange av forskingsfunna er omsett til klinisk praksis og har bidrege til auka kvalitet i pasientbehandlinga.

Lege/professor i hvit frakt. Foto.

Forskingsprisvinnar Eystein Sverre Husebye, UiB/Haukeland universitetssjukehus. Foto: Irene Hjelaas, UiB

– Prisen er ei flott anerkjenning ikkje berre for meg, men heile forskingsgruppa Endokrin Medisin. Målet vårt har heile tida vore å jobbe pasientretta med problemstillingar frå genetikk til diagnostikk og behandling. I dette arbeidet har har vi hatt eit særs godt samarbeid med pasientorganisasjonen Morbus Addison Forening. Deira medverknad har vore avgjerande, seier Husebye.

Han har sidan 1996 bygd opp ei verdsleiande forskingsgruppe innanfor hormonsjukdommar, med særleg vekt på endokrine binyresjukdommar. For mange pasientar har dette ført til at sjukdommen er blitt oppdaga tidlegare, og pasientane har dermed fått rett diagnose, behandling og oppfølging.

ROAS

Hovedtyngda av forskinga har sitt utgangspunt i "Register for organ-spesifikke autoimmune sykdommer", ROAS. Etter etableringa i 1996 er registeret vokst til verdas største pasientregister og biobank for pasientar med binyrebarksvikt (Addisons sjukdom). I 2013 fekk ROAS status som Nasjonalt medisinsk register.

Husebye har gjennom eit over tjue år langt virke som forskar, lege, lærar og formidlar, bygd opp ei akademisk sjukehuseining i verdsklasse og bidrege til forbetra diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar med binyresjukdommar. Han har også i 25 år vore rådgivande lege for Morbus Addison Forening.

Les meir om forskinga til Husebye på helse-bergen.no

Utdrag frå grunngivinga til komiteen

Husebye har arbeidd målretta med å betre forholda for den relativt begrensa pasientgruppa med slik alvorleg sjukdom. I tilegg til mekanismeorientert forsking, inkluderer innsatsen hans, betring av diagnostiske metodar, laboratorieanalysar og laboratorierutinar.

Forskinga hans omfattar også betring av terapi. Etablering av bruk av kontinuerleg subcutan pumpebehandling er eit godt eksempel på behandlingsframskritt i denne samanhengen. Husebyes forsking har heilt klart kome den aktuelle pasientgruppa til gode.

Mottok prisen på vegner av Husebye

Pål Njølstad, instituttleiar ved Klinisk institutt 2 ved Universitetet i Bergen, mottok prisen på vegner av Husebye. Han heldt foredrag i utlandet og kunne dessverre ikkje vere til stade. Prisen er på 200 000 kroner, eit kunstverk og blomar.

To prisvinnarar med tre leiarar. Foto.

Frå venstre Arve Varden, adm.dir. Helse Førde, innovasjonsprisvinnar Christian Moltu, Pål Njølstad, UiB (på vegner av forskingsprisvinnar Eystein Sverre Husebye), adm.dir. Eivind Hansen, Helse Bergen, og fagdirektør i Helse Vest, Baard-Christian Schem. Foto: Silje Katrine Robinson.