Tildeling av Helse Vests forskingsmidlar 2020

Samarbeidsorganet har 28. november 2019 tildelt midlar til 61 av dei totalt 285 søknadene som var sende inn, innan fristen 15. september. I tillegg har samarbeidsorganet vedteke tildeling til seks nye, strategiske satsingar for 2020-2024. Samla er det fortsatt fem millioner kroner til som skal fordelast, og vedtak om dette vil bli fatta innan kort tid.

Pleier med nål. Foto.
Foto: Kjetil Alsvik

Tildeling av frie midlar

Tildelinga av frie midlar, utan tematiske føringar, tek utgangspunkt i søknadene som er sende inn innan fristen 15. september. Minimum 75 prosent av forskingsmidlane skal gå til prosjekt som søkjer desse midlane.

Samarbeidsorganet sine retningslinjer og rammer for søknadsprosessen er førande for arbeidet som er gjort av dei eksterne vurderingskomiteane denne hausten, og dei har blitt godt ivaretekne gjennom evalueringsprosessen, leia av professor Kåre Birkeland, som har fleire års erfaring frå vurderingsarbeid i Helse Vest.

Søknadene er vurderte ut frå dei to likeverdige vurderingskriteria vitskapleg kvalitet og (klinisk) nytte. For meir informasjon om vurderingskriteria, sjå formål og kriterium – for Helse Vests forskingsmidlar.

Vurdering av kvalitet og nytte er utgangspunkt for vurdering av søknadene, men i den endelege prioriteringa mellom gode prosjekt, er også regionalt samarbeid, fordeling mellom fagfelt og mellom forskingsmiljøa tillagt vekt. Dette er forankra i retningslinjene for søknadsvurdering.

Høg og god kvalitet på forskinga

– Det er gjennomgåande høg kvalitet på søknadene, som viser at det er mykje og god forsking ved sjukehusa i regionen. Søknadene innanfor kategorien «Open prosjektstøtte» har særskilt høg kvalitet, og fleire av miljøa er i nasjonal og internasjonal toppklasse. Fleire søknader har mange samarbeidspartar, eit teikn på at mye av den aktuelle medisinske forskinga har behov for fleirsidig kompetanse.   

Birkeland peikar på at mange av prosjekta er eit forskingssamarbeid mellom klinikk og forskingslaboratorium, og dette er ein god måte å knyte saman forsking i helseføretak og dei basalfaglege miljøa.

I vurderingskomiteane er det ein pågåande diskusjon om balansen mellom gode prosjekt som i utgangspunktet er for basale til å kunne støttast av Helse Vest, og prosjekt som synest å vere basale, men der den kliniske nytta på kort og mellomlang sikt likevel er stor nok til at dei kan støttast.

– Vi har i år innstilt fleire prosjekt innanfor det kirurgiske fagområdet, og det er gledeleg. Det er relativt få søknader frå fagområdet og vi vil oppmode dei kirurgiske miljøa til å stimulere til meir forsking. I kategorien klinisk forskarstipend var det berre fire søkjarar, og tre er innstilt av komiteen. Fleire klinikarar bør nytte seg av denne verdifulle moglegheita til å kombinere klinisk arbeid med forsking, avsluttar Birkeland.

Les meir om tildelinga (PDF) 

Tildeling 2020 og søknader på venteliste (PDF) 

Vidareførte stipend og prosjekt (PDF)


I tillegg til dei nye prosjekta, har 155 stipendiatar og prosjekt fått vidareført si finansiering. Vel 165 millionar kroner går til å finansiere dei nye og vidareførte prosjekta.

Tildelingsbrev blir sende ut så fort som råd. Tilbakemelding til alle søkjarane vil bli sendt ut innan 19. desember.

Strategiske satsingar

Tidleg i 2019 blei det lyst ut midlar til nye strategiske satsingar med frist 3. juni. Fem tematiske område var utgangspunkt for utlysinga:

  1. helsetenesteforsking
  2. betre helsetilbod gjennom anvendt digitalisering
  3. integrasjon psykisk og somatiske helseplager
  4. anvendt forsking inn mot antimikrobiell resistens
  5. regional, klinisk behandlingsforsking

I utlysinga blei det mellom anna lagt vekt på at satsingane skal ha eit regionalt perspektiv med dokumentert deltaking frå relevante fagmiljø i heile regionen, og at satsinga skal bidra til å byggje nettverk og kompetanse som skal kunne vidareførast også etter at finansieringa frå Helse Vest er avslutta.

Det kom inn 23 søknader innan fristen. Søknadene er behandla i ei arbeidsgruppe som utgår frå det regionale samarbeidsorganet for forsking og innovasjon. Arbeidsgruppa vurderte søknadene ut frå regional forankring, tematisk område og om det var søkt om ei strategisk satsing og ikkje eit enkeltståande forskingsprosjekt.

15 søknader blei sende vidare til ein ekstern vurderingskomité som har vurdert søknadene ut frå vitskapeleg kvalitet og nytte. Den faglege vurderinga er lagt til grunn for tildelinga til seks nye, strategiske satsingar.

Tildelinga til dei seks nye strategiske satsingane er på 117,3 millionar kroner over fem år. Forpliktinga for 2020 er på 23,8 millionar kroner. I tillegg er det vidareført i overkant av 18 millionar kroner til strategiske prosjekt og tiltak, mellom anna til prosjekt innanfor rusforsking, påskjøningsmidlar til hovudrettleiarar og insentivmidlar knytte til ekstern forskingsfinansiering.

Nye strategiske satsingar 2020-2024

Tildelingsbrev blir sende ut så fort som råd. Tilbakemelding til alle søkjarane vil bli sendt ut innan 19. desember.