Tildeling av midlar til innovasjonsprosjekt i Helse Vest for 2020

Helse Vest har tildelt innovasjonsmidlar for 2020. Det er delt ut 9,2 millionar kroner til 13 innovasjonsprosjekt.

Dette året kom det inn 43 søknader om innovasjonsmidlar. Av desse har 33 søknader blitt vurdert og prioritert av dei enkelte verksemdene. Dei søknadane som helseføretaka har prioritert utgjer til samen midlar for om lag 21 millionar kroner. Dette er 7 millionar kroner meir enn førre utlysing.

Tildelingskriterium

Søknadane skal ta i vare minst eitt av satsingsområda i den regionale innovasjonsstrategien; psykisk helse og rus, kroniske lidingar, kvalitet i behandlinga og/eller effektiv ressursbruk.

Prosjekta er vurdert ut frå nytteverdi for helsetenesta og realistisk plan for gjennomføring. Det skal vere brukarmedverknad i planlegging og gjennomføring av prosjekta. Det er mulig å søke om innovasjonsmidlar til same prosjekt i dei ulike prosjektfasane.

Desse har fått tildeling
​Prosjektleiar og institusjon​Tittel
​Tildeling
(kroner)
​Viviann Torvund Danielsen/
Helse Bergen
​Sterilforsyningskjeden - innovasjonspartnerskap​700 000
​Einar Klæboe Kristoffersen/
Helse Bergen
​Luft-tørket plasma som klinisk produkt; et regionalt og nasjonalt beredskapstiltak​700 000
​Guri-Elise Holgersen/
Helse Bergen
​VR-assistert terapi for ungdom med psykose​700 000
​Maj-Britt Rocio Posserud/
Helse Bergen
​Enabling parents to be their autistic child's primary helper​700 000
​Ester Marie Espeset/
Helse Fonna
​Barn og unges helseteneste - utvikling av eit digitalt system for å betre samhandlinga mellom kommune og føretak​600 000
​Oddbjørn Hove/
Helse Fonna
​"ePaid": Ny metode skal gi riktig behandling for psykiske lidelser hos voksne med utviklingshemning​680 000
​Melissa Weibell/
Helse Stavanger
​Psykiatri-Somatikk-Rus​1 000 000
​Marit Halonen Christiansen/
Helse Stavanger
​Trygg barseltid ved tidleg heimreise etter fødsel ​670 000
​Thomas Werner Lindner/
Helse Stavanger
​AMK Sim: Steg 2 og 3: AI Data Analyse Modul versjon 0:8​1 000 000
​Elin Johnsen/
Helse Førde
​Pust deg betre - og mestre livet som lungesyk​950 000
​Jobin K. Varughese/
Helse Førde
​The ALIENS study​500 000
​Ingerid Rødseth/
Helse Vest IKT
​Helsetanken ++​750 000
​Stig H. Våge/
Helse Vest IKT
​Temperaturovervåkning av blodposer ved bruk av trådløs sensorteknologi250 000​

Majoriteten av søknadane er i dei første fasane av ein innovasjonsprosess. Nokre av søknadane har fått stønad tidlegare år.