Tilrår å leggje koordinering av ambulansehelikopter til Bergen

Helse Vest har, på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, utgreidd det å leggje Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral for luftambulansen (AMK-LA) til eit sjukehus i regionen. Administrerande direktør i Helse Vest har lagt fram ei tilråding om å leggje denne funksjonen til Helse Bergen.

Gult luftambulansehelikopter, blå himmel, inn for landing. Foto.
Foto: Luftambulansetjenesten HF

Styret i Helse Vest vil behandle saka i styremøte 23. mai

– Vi har hatt  som utgangspunkt at denne oppgåva kan leggjast til anten AMK Bergen eller AMK Stavanger. Begge stader er det nok kompetanse og eit godt grunnlag for å vareta funksjonen. Etter ei samla vurdering anbefaler vi å leggje AMK-LA-funksjonen til Helse Bergen, seier Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest.

Hovudargumenta for å leggje funksjonen til Helse Bergen er at det er brei semje om at «Flight following» bør samlast og leggjast til éin AMK sentral. Dei andre regionale helseføretaka har lagt denne funksjonen til regionsjukehuset, i tillegg til at tre av helseføretaka på Vestlandet tilrår å leggje AMK-LA til Helse Bergen.

Helse Vest vurderer det vidare slik at oppgåvene til AMK-LA og Regional akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (R-AMK) hengjer så nøye saman at dei ikkje bør skiljast. Det betyr at R-AMK funksjonen blir flytta til Helse Bergen.

Luftambulanshelikopter inn for landing. Foto.

Illustrasjonsfoto: Per Marifjæran, Helse Førde

– Hovudmålet med ei sentralisering er å få betre og tryggare forvaltning av luftambulanse (LA)- ressursane i Helse Vest, seier Nilssen. – Vi legg til grunn at ei sentralisering vil gi eit meir standardisert system, færre operatørar vil vere involverte og operatørane vil få meir mengdetrening. Større oppdragshandtering vil gi betre kontinuitet i arbeidet med koordinering og flygeleiing, og dermed også større flysikkerheit.

Flight following-systemet er primært etablert for å følgje helikopteret under avgang, flyging og landing etter etablerte prosedyrar. Dette skal sikre helikopteret og besetninga rask assistanse dersom det skulle skje eit uhell. Systemet varetar også informasjonsbehov i samband med koordinering og oppfølging av helikopteret.

Det er venta at ei sentralisert og standardisert koordinering vil kunne gi ei meir effektiv styring av ressursane og betre fordeling av oppdrag. Betre kontinuerleg oversikt over beredskapssituasjonen og aktivitet knytt til denne, vil kunne redusere forseinking og dobbeltutkalling i grenseområda og dermed gi ei betre utnytting av dei samla helikopterressursane.

Pilot i cockpit, skal lande i Førde. Foto.

Illustrasjonsfoto: Per Marifjæran, Helse Førde