Eit av hovudformåla med å opprette medisinske kvalitetsregister, er at kvalitetsregisterdata skal nyttast til kvalitetsforbetringsarbeid. For å stimulere til slikt arbeid og utvikling av kompetanse på kvalitetsforbetringar, er det sett av øyremerkte midlar til pasientretta kvalitetsforbetringsprosjekt. Servicemiljøet fordeler årleg midlane etter utlysing på vegner av Interregional styringsgruppe.
Kven kan søkje midlar?
- Nasjonale medisinske kvalitetsregister
- Avdelingar som ønskjer å nytte data frå nasjonale medisinske kvalitetsregister til lokalt pasientretta kvalitetsforbetringsarbeid
Kriterium til prosjektet
Kvalitetsforbetringsprosjekt skal nytte resultata frå eit nasjonalt medisinsk kvalitetsregister
- Variablar/indikatorar som blir brukt som utgangspunkt for forbetringsarbeidet, skal vere eksisterande variablar i kvalitetsregisteret.
Prosjektets gjennomføring og resultata skal kunne brukast av servicemiljøet til generell metodeutvikling og kunnskapsoverføring. Det blir derfor stilt spesifikke krav til levering av sluttrapport og innhald (sjå kontrakt for finansiering).
Prosjektmidlane kan ikkje brukast til ordinær registerdrift, berre til planlegging og gjennomføring av kvalitetsforbetringsprosjekt.
Prosjektmidlane kan heller ikkje brukast til å finansiere tiltak internt på deltakande sjukehusavdelingar, som i anna fall blir rekna som ein del av den ordinære sjukehusdrifta.
Det blir oppfordra til at kvalitetsforbetringsprosjekt følgjer «Gjennombrottsmetoden» eller liknande metodikk.
Søknadsprosessen
Miljø/avdelingar som ønskjer å sette i gang eit kvalitetsforbetringsprosjekt i Helse Vest oppfordrast til å ta kontakt med Fagsenter for medisinske kvalitetsregistre i Helse Vest for hjelp til å identifisere potensielt gode prosjekt, bruk av forbetringsmetodikk, rettleiing knytt til utfylling av prosjektskisse/søknad om midlar og generelle tips og råd.
Fagsenteret gir også rettleiing i planlegging og oppfølging av dei prosjekta som får tildelt midlar i Helse Vest.
Kontaktperson, Nasjonalt Servicemiljø Region Vest
Søknadsskjema
Sjå meir informasjon og søknad/mal for prosjektskisse som skal brukast for søknaden på nettstaden til Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetregister. Søknadsfrist 1. juni 2019.
Kriterium til søknad
Det kan søkjast finansiering for kvalitetsforbetringsprosjektets totale kostnadar, eller det kan inngå som del av finansieringa. Midlane blir tildelt som eit eingangsbeløp.
Rammer for kostnader i prosjektbudsjett
Lønnsmidlar: Det er sett ei grense/øvre ramme for kor stor del av prosjektmidlane som kan brukast til lønnsmidlar. Dette skal sikre at prosjektgruppa har midlar til å gjennomføre seminar, følgje opp deltakande eining m.m.
Behovet for lønnsmidlar/frikjøp må skildrast i prosjektplanen
Totale lønnsmidlar skal ikkje utgjere meir enn maksimalt 60 prosent av prosjektmidlane
Behovet for den spesifikke kompetansen det blir søkt lønnsmidlar for, må skildrast i prosjektplanen
Satsen som blir lagt til grunn skal ta utgangspunkt i den grunnlønna til den tilsette
Det blir ikkje gitt midlar til å dekkje vakttillegg
Det blir ikkje gitt midlar til å dekkje "overhead" til organisasjonen/arbeidsgivaren til den tilsette
Dagpakkar/ev. møteromsleie og servering, per deltakar:
Øvre tak kr. 700,-
Reiseutgifter, per deltakar. Skal dekke totale reisekostnader per reise:
Øvre tak kr. 2 300,-
Overnatting/hotell, per deltakar per natt:
Øvre tak kr. 1 500,-
Artikkelskriving og formidling av prosjektresultat (f.eks. presentasjonar på konferansar og fagmøte, posterar med meir): Dette blir ikkje dekt av prosjektmidlane, da det ikkje blir betrakta som ein del av sjølve kvalitetsforbetringsprosjektet.
Av:
Linn Jeanette Waagbø