Utlysing av midlar til nye strategiske forskingssatsingar

Det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet har sett av midlar til etablering av nye strategiske forskingssatsingar i Helse Vest.

Prøveglass. Foto.
 

Midlar for perioden 2020 til og med 2024 blir lyst ut med frist 3. juni 2019. Det kan søkjast om 1-4 millionar kroner årleg i 3-5 år. Det er sett av ei ramme på minimum 25 millionar kroner per år for tildeling til nye strategiske satsingar.

Gitt tilstrekkeleg vitskapleg kvalitet og nytte, skal minst eitt prosjekt utgå frå eit mindre helseføretak i regionen, og minst 3 millionar skal gå til samhandlingsprosjekt.

Vedtak om tildeling av midlar blir fatta av Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon på møte den 28. november 2019.

Les alt om utlysinga