Utlysing av såkornmidlar

Har du ein forbetringsidé? No kan du søkje Helse Vest om såkornmidlar. Vi deler ut inntil 3,1 millionar kroner til lokale forbetringsprosjekt i helseføretaka i 2020.

Helse Fonna
Helse Fonna

​For å stimulere til kvalitetsforbetring i helseføretaka, deler Helse Vest kvart år ut prosjektmidlar til lokale forbetringsprosjekt forankra i helseføretaka i regionen og private ideelle institusjonar med avtale med Helse Vest.

Formålet med prosjekta skal vere å prøve ut forbetringstiltak i liten skala, før dei eventuelt kan breiddas ut til fleire einingar.

Helse Vest reknar med å dele ut om lag 3,1 mill kr i 2020, og inntil 225 000 kr per prosjekt. Søknadsfrist er 5. mars 2020.