Søk stillinga
Sjå utlysinga på headvisor.no
Administrerande direktør i Helse Vest RHF har ansvaret for den daglege leiinga av det regionale helseføretaket og utøvinga av eigarskapet av helseføretaka i regionen.
Vi søkjer ein tydeleg og samlande leiar med gode kommunikasjonsevner, stor arbeidskapasitet og særs god samfunnsforståing. Aktuelle kandidatar har solid leiarerfaring på strategisk nivå i store komplekse kompetanseverksemder og erfaring frå leiing på område som dekkjar fag, økonomi og politikk. Det er ein fordel med erfaring frå offentleg sektor og kjennskap til helsesektoren.
For meir informasjon om stillinga kontakt vår rådgivar i prosessen, Per Inge Hjertaker hos Headvisor, tlf. 917 29 682, eller styreleiar Einar Strømsvåg, tlf. 900 79 856. Send kortfatta søknad med CV så raskt som mogleg og seinast innan 14. februar 2020.
Fram til søknadsfristen går ut vil alle førespurnader bli behandla konfidensielt, om ønskjeleg også overfor oppdragsgivar. I medhald til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du blir varsla dersom unnatak frå offentleggjering ikkje blir teke til følgje.