Betre oversikt og mindre springing frå dag ein

Postane for Imatis i Stavanger har no begynt å ta i bruk Imatis på smarttelefon, PC og stor touchskjerm. Løysinga gir meir oversikt og mindre springing.

To sykepleiere står med telefonene utenfor sengepost
Avdelingssjukepleiarane Magritt Fraser Wareng (6E) og Ingrid Reiersen Kartveit (6D) forklarar korleis ting har blitt betre med Imatis. Foto: Ingvei Tveranger

​Postane 6D og 6E på Stavanger universitetssjukehus (SUS) hadde kick-off for Imatis med både smarttelefon, PC og stor touchskjerm denne hausten. Tilbakemeldingane frå personalet er glede og entusiasme etter berre få dagars bruk. Digital samhandlingstavle med Imatis legg til rette for informasjonsdeling på tvers av fag, system, avdeling og støttefunksjonar.

Sparar mykje tid

– No har eg oversikt over avdelinga! Eg sparar mykje tid på dette fordi eg bruker mindre tid i telefonen. Med dette systemet kan eg sende direkte melding til kollegaane mine på dei smarte vakttelefonane dei har i lomma. Det gjer også at eg slepp å jakte på folk her på posten. Dei får melding frå meg der dei er, seier Grete Anvedsen, helsesekretær på postane 6D og E.

Helsesekretær, Grete Anvedsen står og smiler foran en stor touchskjerm

Helsesekretær, Grete Anvedsen. Foto: Ingvei Tveranger

Imatis hentar informasjon frå andre elektroniske pasientsystem. Samstundes viser skjermen kva rom pasienten ligg på, status på behandling, smittestatus og kva lege og sjukepleiar som har ansvar for pasienten den dagen.

Imatis-tavlen er ein stor TV-skjerm med touchfunksjon. Den vil til dømes hengje på vaktrommet på posten, eller der personalet meiner det er føremålstenleg. I tillegg kan dei ta opp tavla på dei smarte vaktmobiltelefonane dei har med seg for å sjå på detaljar i møte med pasienten. Imatis kan alle også få opp på PC når dei loggar seg på med personleg brukar.

Betre kommunikasjon

– Det vi ser er at legar, helsefagarbeidarar og sjukepleiarar har ein mykje betre kommunikasjon i arbeidsdagen, fordi dette digitale verktøyet koplar oss saman i ein chat-funksjon, på melding eller vi kan ringje kvarandre direkte. Vi slepp å leite etter folk for å få svar, forklarar avdelingssjukepleiarane Magritt Fraser Wareng (6E) og Ingrid Reiersen Kartveit (6D).

Dei meiner at dette gir auka pasienttryggleik og smartare drift på postane.

– Når fleire system blir samla og vi har eit felles «bilete» på smarttelefonen ser vi at beskjedar og overføringar flyt mykje lettare mellom oss. Informasjonsledda blir kutta og blir direkte, påpeiker dei to.

Intuitivt system

Avdelingssjukepleiarane opplever òg at legane får betre oversikt og får betre styring på pasientar som skal prioriterast på ein travel visitt. Legar kan òg ta opp eit eiga grensesnitt for det dei treng å vite om pasientane.

– Systemet gir oss rett og slett betre samhandling her på posten og meir ro til å løyse oppgåvene ferdig utan unødig springing. I tillegg er det utroleg enkelt å lære seg, smiler dei.

– Etter en kort liten time var dei fleste i gang med dette. Det er nesten ufatteleg, men det er intuitivt og enkelt. At Imatis er på ein smarttelefon er nøkkelen til suksess og alle her bruker det utan problem, seier Kartveit og Wareng.

Vegen vidare

I februar skal alle på SUS ta i bruk ein del av Imatis tavleløysing. Då tar portørane i bruk systemet til portøradministrasjon, og bestilling av portøroppdrag skal då gjerast i Imatis.

På prosjektkontoret er dei spente på å sjå kva som kjem frå testen på pilotposten 6D og 6E, over tid. Medarbeidarane der ligg langt framme i å tenkje nytt slik at deira tilbakemeldingar blir viktige når Imatis skal vurderast på pasientflyt og informasjonsdeling.