Dei fleste nye metodane blir innførte

Totalt blei 82 unike metodar vedtekne i Beslutningsforum for nye metoder i 2019. Av desse blei heile 64 metoder innførte.

Sjukehuskorridor
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Beslutningsforum for nye metoder tok avgjersler om 82 unike metodar i 2019, 77 legemiddel og fem andre metodar.
 
– Tala viser at vi innfører langt fleire metodar enn det mange trur, seier Stig A. Slørdahl, som er leiar i Beslutningsforum for nye metoder. 
 
 –  Eg er glad for at tala viser at vi innfører langt fleire metodar enn det mange trur, fordi det til sjuande og sist er pasientane som tener på dette. Metodar blir innførte basert på kunnskap om effekt for pasientane, graden av alvorlegheit og dei ressursane vi har tilgjengelege. Vi arbeider heile tida for ei likeverdig helseteneste, held Slørdahl fram.

77 prosent innføring

I 2019 tok Beslutningsforum stilling til 77 unike legemiddel, indikasjonsutvidingar eller nye kombinasjonar. Indikasjonsutvidingar er når legemiddelet blir godkjent for bruk til ein ny indikasjon eller ei ny pasientgruppe enn det dei tidlegare er godkjent for. Av desse 77 unike legemidla/indikasjonane blei det bestemt at 59 metodar skulle innførast, altså 77 prosent, mens det blei bestemt at 18 metodar ikkje skulle innførast, 23 prosent.

Vilkår og kriterium

I dei fleste sakene som fekk ei positiv avgjerd, blei legemidla innført som standardbehandling.

I enkelte innføringar blei det gitt vilkår/kriterium for legemidla. Vilkåra bidreg til at pasientar som ikkje har nytte eller effekt av standardbehandling, har alternativ. Det kan også vere at det er sett særskilte start- og stoppkriterium for bruk. I 2019 fekk fire legemiddel/indikasjonar knytte til kreftbehandling først nei, før dei i eit seinare møte fekk ei positiv avgjerd. Årsaka var at det blei tilbode ny pris frå legemiddelfirmaet, som førte til at produktet blei vurdert som kostnadseffektivt.

I overkant av 40 prosent av metodane som ble innført, handla om kreft.

Forbetringar

– Vi arbeider heile tida med å forbetre systemet, og det er eit mål å få avgjersler for nye metodar så snart markedsføringstillatelse (MT) er klar. Vi har blant anna bede Statens legemiddelverk og Folkehelseinstituttet om å setje ein absolutt frist for innsending av dokumentasjon, fordi vi ser at det finst legemiddelfirma som ikkje leverer inn dokumentasjon. Dette bidreg til at mange indikasjonar som det er bestilt metodevurderingar på, ikkje blir ferdigstilte nettopp fordi dokumentasjon manglar, påpeiker Slørdahl.

Det blir arbeidd med å forbetre prosesen for å utgreie systemet for nye metodar, men i ei tid der dataa som finst på markedsføringstidspunktet ofte er mangelfulle for å kunne fastsetje kor gode legemidla er, vil det vere vanskelegare og meir tidkrevjande å vurdere effekten på behandlinga for legemiddelet på grunn av usikkerheita som ligg føre.

– Det er i dette dilemmaet Beslutningsforum ofte står i, seier Slørdahl. –  Å sørgje for at effektive legemiddel blir innførte raskt og samtidig sørgje for at det blir innført til ein kostnad som inneber forsvarleg bruk av midlane som er tilgjengelege.

Følgjande andre metodar utanom legemiddel blei beslutta innført i 2019:

  • eMeistring – Terapeutrettleia internettbehandling ved psykiske lidingar.
  • Hyperbar oksygenbehandling kan framleis brukast som ein av fleire metodar til behandling av osteonekrose.
  • Pasientar som har gjennomgått kryptogent hjerneslag og har patent foramen ovale (opning i hjartet som kan medføre auka risiko for iskemisk slag) kan få utført kateterbasert lukking av foramen ovale.
  • Prehospital CT (slagambulanse) for tidleg diagnostikk og behandling ved mistanke om hjerneslag
  • Ein genprofiltest (Prosigna test PAM50 ROR) til bruk for avgjersler om adjuvant behandling ved brystkreft

Lenke til Årsoppsummering Beslutningsforum for nye metoder (PDF)

Lenke til Årsoppsummering Bestillerforum RHF (PDF)