Felles retningslinjer for arbeidsretta behandlingstilbod

Arbeid er helsefremmande, og mangel på arbeid kan ofte vere det motsette. Det finst tilbod som legg til rette for arbeidstakarar med helseproblem. Dei fire regionale helseføretaka i landet har utarbeidd ei felles vurdering for kven som har rett til arbeidsretta behandlingstilbod.

To kvinner går utenfor en bygning. Foto.
Målgruppa er personar med alminnelege psykiske lidingar og/eller vanlege muskel- og skjelettplager. Illustrasjonsfoto: Kjetil Alsvik.

Dei fire regionale helseføretaka har i 2019 og 2020, saman med fagpersonar og brukarar, utarbeidd felles prinsipp for vurdering av rett til arbeidsretta behandling. Prinsippa er i tråd med prioriteringsrettleiarane til dei ulike fagområda. Dei fire regionale fagdirektørane har godkjent rapporten med felles prinsipp til bruk i helseføretak og sjukehus. Målet er å bidra til ein likare vurdering av rettat for den pasientgruppa som vil ha nytte av arbeidsretta behandlingstilbod.

Les heile rapporten (PDF)

Prinsipp til hjelp i vurderinga av rettar

Vurderinga skal skje innanfor ramma av Prioriteringsveileder for psykisk helsevern og fysikalsk medisin og rehabilitering. Individuelle forhold som funksjonsfall på fleire arenaar (jobb, skule, sosialt, privat) bør leggjast særleg vekt.

Målgruppa er personar med vanlege muskel- og skjelettplagar og/eller alminnelege psykiske lidingar, som påverkar deira funksjonsnivå og evne til å stå i arbeid eller utdanning. Det omfattar personar med:

  • vanlege muskel- og skjelettplager, som opplever funksjonsfall i jobb og på skule
  • alminnelege psykiske lidingar som angst og depresjon, med individuelle tilleggsfaktorar som kan gi funksjonsfall i jobb og på skule
  • eit blanda symptombilde med både vanlege muskel- og skjelettplager og alminnelege psykiske lidingar som kan gi funksjonsfall i i jobb og skule
  • mål om å oppretthalde eller ta opp igjen arbeid eller utdanning

Pasientgruppa har ofte behov for samtidig hjelp frå NAV, og helse for å oppnå ei varig positiv endring i sin livssituasjon. Det er derfro anbefalt at arbeidsretta behandling blir gitt i tett samarbeid med hjelpetiltak frå NAV.

Les meir om Helse og arbeid

Viktige aspekt

Tilbodet bør givast til dei som har behov for rask, tverrfagleg og grundigare utgreiing/rehabilitering og behandling, enn kva det fastlege og øvrig kommunal helse- og omsorgstjeneste kan tilby.

Viktige aspekt er om personen:

  • ikkje klarer å møte på jobb
  • har hyppig bruk av eigenmelding
  • har betydelege vanskar med å gjennomføre arbeidsdagen med forventa kvalitet
  • har vanskar med å levere forventa/vanleg resultat
  • har avventande sjukmelding
  • har gjentekne sjukmeldingar med lang varigheit

Personar som blir vurderte med rett til arbeidsretta behandling i spesialisthelsetenesta, må ha eit mål om å oppretthalde eller ta opp igjen tilknyting til arbeid eller utdanning. Eigenmotivasjon og arbeidsnærleik har mykje å seie for nytteverdien.

Arbeidsnærleik

Arbeidsgruppa vurderer "arbeidsnærleik" som ei vurdering om:

  • pasienten har eit arbeidsforhold eller ikkje
  • tilrettelegging på arbeidsstad/skule gjer det sannsynleg om pasienten kan halde fram arbeid/skule trass i helseplager
  • det føreligg plan for tilbakeføring til arbeid/skule dersom pasienten har falle heilt eller delvis ut
  • det er mogleg gå på arbeid eller skule der det ikkje føreligg eit arbeidsforhold eller utdanningsløp
  • det føreligg samarbeid med NAV og arbeidsgivar

Det er tilrådd å vurdere aldersgrensen  ved hjelp av skjønn, med utgangspunkt frå 18 år og opp til pensjonsalder. Der det er føremålstenleg, kan ungdom frå 16 år få eit tilbod, for eksempek for lærlingar i vidaregåande skule.

Tilrådingane er generelle og ikkje til hinder for å utøve klinisk skjønn.