Fleire kan få hjelp med eMeistring

Korte ventetider og auka fleksibilitet for pasientane. Når eMeistring blir rulla ut i heile regionen betyr det at fleire pasientar kan få behandling for angst og depresjon, når det måtte passe for dei – via internett.

banner emeistring

eMeistring er rettleia internettbehandling for depresjon, sosial angst og panikkangst. Behandlinga byggjer på kognitiv åtferdterapi men kontakten mellom terapeut og pasient skjer skriftleg via nettet. Behandlingsprogrammet går over 14 veker og har vist seg å vere svært effektivt.

–  Vår erfaring er at behandlinga gir like gode, om ikkje betre, resultat enn klassisk behandling. To av tre pasientar som har gått gjennom behandlingsopplegget har fått god effekt. Dette stemmer godt med det Sintef fant då dei i fjor gjekk igjennom fleire hundre vitskaplege artiklar knytte til temaet, seier prosjektleiar for eMeistring i Helse Vest, Kristin Hogstad Bruvik.

Ei av dei som har fått god hjelp av eMeistring er Stine Hope Spjeld. 

- Det tok mindre enn ei veke før eg var i gang med behandlinga. Eg likte godt at eg kunne ta med meg behandlinga på hytta eller i lunsjen på jobb. Eg kunne òg skrive ut oppgåver og ta dei med meg på bussen. Denne fleksibiliteten i behandlinga passa meg godt, seier Hope Spjeld.

Tilbod i heile regionen

eMeistring har vore nytta i Helse Bergen sidan 2013, og i 2019 blei behandlinga godkjent av det statlege organet Beslutningsforum. Helse Bergen har no tilsett fleire terapeutar, og får dermed 40 prosent større kapasitet. Samstundes blir tilbodet utvida til heile helseregionen.

– Tilbodet blir no etablert i alle delar av Helse Vest. Dei andre helseregionane jobbar også med tilsvarande planar, og målet er at heile befolkninga skal få tilgang til denne behandlinga. Sidan behandlinga går føre seg på internett vil det kunne passe for personar som bur langt unna sitt distriktspsykiatriske senter (DPS), og for dei som har vanskar med å ta fri frå jobb på dagtid, seier Hogstad Bruvik.

Korte ventetider 

Tida for å komme til behandling i eMeistring er kort samanlikna med anna behandling innanfor psykisk helsevern. I tillegg kan langt fleire pasientar få hjelp.

– Kvar terapeut kan behandle opptil tre gonger så mange pasientar samanlikna med dei som tilbyr ansikt-til-ansikt-behandling. Det betyr at langt fleire no kan få hjelp, seier Hogstad Bruvik.

Behandlinga er fleksibel og tilgjengeleg. Du slepp å ta fri frå jobb, slepp lang reiseveg, og du betaler berre for første og siste time slik at det er billig. 

– I tillegg fekk eg nokre nyttige verktøy som eg kan bruke om att i krevjande periodar,  seier Stine Hope Spjeld.

Inga ventetid på eMeistring i Helse Bergen

eMeistring i ditt helseføretak

helse-stavanger/eMeistring

helse-fonna/eMeistring

helse-bergen/eMeistring

helse-førde/eMeistring

Meistring av bekymring knytt til covid-19

Forskingsprosjektet Intromat ved Tine Nordgreen som starta eMeistring har også utvikla eit nettbasert sjølvhjelpsprogram for dei som opplever auka stress og uro i høve til covid-19. Dette er gratis og tilgjengelig i heile Noreg på: www.co-mestring.no.