Førebygging av sjølvmord - ressursside for fagfolk

Helsepersonell og fagfolk i kommunar og skular spelar ei viktig rolle i arbeidet med å førebyggje sjølvmord. For å bidra med kompetansespreiing og informasjon har Helse Vest samla ressursinformasjon om sjølvmordsførebygging på èi nettside. Målet er å gjere dei som jobbar i kommune og fylkeskommune betre rusta til å fange opp dei som slit, og til å ta dei vanskelige samtalane. 

Illustrasjonsfoto: Dinamo

Det er mange som på ulike måtar strever i livet sitt. Erfaring viser at folk flest snakkar for sjeldan om sjølvmordstankar med dei de er bekymra for.

Helsetenesta i kommunane er viktige arenaer for tidleg avdekking av sjølvmordsåtferd. Kommunen er også ein arena for god omsorg og behandling for risikofaktorar som depresjon, angst, risikofylt og skadeleg rusmiddelbruk og alvorlege livskriser. Det å identifisere personar som er i risikosona for sjølvmordsforsøk kan redde liv.

Sjølvmord eit stort folkehelseproblem

I Noreg døyr om lag 600 menneske av sjølvmord kvart år. Det er nesten fem gonger så mange som i trafikken. I tillegg blir det antatt at mellom 3 500 og 7 500 personar årleg forsøker å ta sitt eige liv. Tala er stabile over tid og det er ingen større regionale forskjellar. Men trass i det store omfanget, blir det ikkje snakka om og sjølvmordet kjem ofte overraskande på dei rundt.

I Regjeringa si handlingsplan for førebygging av sjølvmord skal ein nullvisjon bidra til at sjølvmordsførebygging blir prioritet høgare.

Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.

Vinteren 2020 planlegg Helse Vest ein folkeopplysings kampanje på Vestlandet der hovudbodskapet er «Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.» Målet er å opplyse befolkninga på Vestlandet om at det ikkje er farleg å snakka om sjølvmordstankar, og at det er hjelp få. 

I forkant av opplysningskampanjen vil Helse Vest bidra med kompetansespreiing og informasjon til kommunane på Vestlandet, og gjere dei som jobbar i kommunane betre rusta til å fange opp dei som slit, og til å ta dei vanskelige samtalene.

Ressurside for sjølvmordsførebygging

Helse Vest har laga ei oversikt over ressursinformasjon og e-læringskurs i sjølvmordsrisikovurdering som kan støtte deg i det førebyggjande arbeidet.


Her finn du informasjon om korleis kommunen din kan gå fram for å lage ein handlingsplan for å førebyggje sjølvmord, e-læringskurs i sjølvmordsrisikovurdering, informasjon om kor du som fagperson kan vende deg for meir hjelp og rettleiing og informasjon om Livet på timeplanen eit kompetansehevingsprogram spesielt utvikla for skular. 

Saman om å førebyggje sjølvmord

God behandling av psykiske lidingar, spesielt depresjon, kan førebyggje sjølvmord. Regjeringa sin handlingsplan for førebygging av sjølvmord inneheld tiltak for å gje rask hjelp og sikre gode behandlingsforløp - frå første kontakt i kommunen til behandling i spesialisthelsetenesta.

Ikkje alle med begynnande sjølvmordstankar eller anna psykisk sjukdom skal ha behandling i spesialisthelsetenesta. Dei med lettare psykisk sjukdom skal kunne få hjelp i kommunen. Det er viktig at kommunane synleggjer kva hjelpetilbod som finns i kommunen og gjer dette kjent for innbyggjarar og fastlegar i kommunen. 
Det finnes også fleire digitale sjølvhjelpsverktøy og psykologbehandling via internett (eMeistring), der ventetidene er korte. 

På nettstaden helse-vest.no/selvmord har vi samla lenkjer til mange gode nettsider og kompetansehevingsprogram om sjølvmordsførebygging, her finst òg informasjon til pårørande og tips til korleis du kan gå fram om du er bekymra for nokon.